Har sett siste punktum i Fjell-historia

Sjuande og siste bandet av Fjell bygdebok er levert frå trykkeriet og klar til å pakkast inn i julegåvepapir.

(Saka er oppdatert.)

«Nærare byen» er tittelen på sjuande og siste boka i serien Fjell bygdebok. Kanhende ville «bilane kjem» ha vore ein like treffande tittel?

Sleppefesten må forfattarane sjå langt etter på grunn av koronasituasjonen. Halvor Skurtveit og Gaute Losnegård har like fullt all grunn til å markera at dei no har sett siste punktum i Fjell-historia, 24 år etter at første boka kom ut.

Nærare byen
«Nærare byen» er tittelen på det nærare 700 sider tjukke verket. To verdskrigar, industrialisering, samferdslerevolusjon og ekstrem folkevekst er berre nokre av stikkorda for allmennhistoria for Fjell frå 2010 og fram til kommunesamanslåinga ved siste årskiftet.

-Fjell har Norgesrekord i folkevekst, relativt sett, hevdar Losnegård.

Sotra-brua, og bruene vidare vest- og nordover endra reisemønsteret vårt, korta reisetida til Bergen og utløyste ein veldig folkevekst.

Då Sotrabrua opna for trafikk hausten 1971 vart nærleiken til storbyen veldig tydeleg. Det tidlegare fiskarbonde-samfunnet låg lagleg til for dagpendlande bergensarar som ønska rommeleg einebustad med hage. Fjell-politikarane tilrettela for nye bustadfelt og ein vekst i folketalet som få andre stadar har sett maken til, målt i prosent.

Les: Lokalpolitikken frå 1960 til i dag: Byggjeboom og kvinnemakt

Sentralisering

Kystbygarasjen er eitt av dei største parkeringsanlegga i fjell i her til lands. Bygginga utløyste mykje debatt – og konflikt. Foto: Kjell Andersland/Fjell kommune.


At det nye kommunesenteret skulle koma på Straume, var det likevel delte meiningar om. På 1970-talet var det mange som helst hadde sett at Kolltveit vart sentrum.
Senterbyggjarane på Straume skal likevel ha ros for å ha initiert ei utvikling som har betydd mykje for kommunen, seier Losnegård.

Stakk hovudet fram
Men historia er full av aktørar, nokon meir sentrale enn andre. Mange fjellsokningar, både nolevande og avlidne er nemnt i boka, skundar Skurtveit seg å seia og viser til det omfattande namneregisteret bak i boka.

Stolt reiar: Hans O. Vindenes inspiserer fiskebåten Texaco under bygging på Stord i 1935 – 36. Foto utlånt frå E. Vindenes.

Nokre namn stikk seg fram. Den legendariske fiskebåtreiaren Hans O. Vindenes er ein av dei. Han var ein person med mange ballar i lufta, både i lokalpolitikken og i nasjonal fiskeripolitikk. I dag er det likevel vanskeleg å avgjera kor mykje av merksemda kring han og hans person som kan forklarast med den nære kontakten han hadde med den dåverande BT-journalisten Kåre Fasting, medgjev Skurtveit.

Olav Midtun, Ranveig Frøiland og Sigrid Utkilen er andre sentrale aktørar du kan lesa om i boka.

Politikken: Den tidlegare lokalavisa Sotra-Nytt er ei av mange kjelder Gaute Losnegård har hatt å støtta seg på i skrivinga av lokalhistoria frå 1960 og fram til 2020. Arkivbilete.

Fjell og Sotra-samfunnet fekk si første lokalavis med SotraNytt tidleg på 1970-talet. Lenge før det hadde Bergens-avisene vist stor interesse for kva som skjedde på øyane vestom byen. Då Løno vart avfolka på 1950-talet til dømes, var det ein hending som vart lagt merka til i Bergen.

Ukjent soldat
2. verdskrigen bidrog mykje til omstillinga av kvardagslivet. Englandsfarten og Fjell Festning er stikkorda for omtalen av hendingane i desse fem åra.

Sjølv om hovudtrekka tør vera kjende, har forfattarane funne fram til hittil ukjende detaljar. Eit av medlemmane i Shetlands-gjengen kom frå Lokøy og har tidlegare ikkje vore omtalt i litteraturen om krigen i Fjell, ifølgje Skurtveit.

Arthur Lokøy (1910-86) var ikkje mellom dei som reiste direkte over til Shetland med fiskefartøy, og det er truleg forklaringa på at han ikkje har vore nemnd tidlegare, seier Skurtveit. Lokøy var sjømann på eit handelsskip under kontroll av dei norske okkupasjonsstyresmaktene, og rømde til lands medan fartøyet låg oppankra ved Lysekil i Sverige. Seinare vart han henta til Storbritannia, der han gjekk inn i alliert teneste, mellom anna i Shetlandsgjengen.

Oppteken av industrisamfunnet Knarrevik: Halvor Skurtveit har skrive Fjell-historia frå 1910 til 1960.

Knarrevik
Industrisamfunnet Knarrevik skilte seg ut i eit samfunn der fiskarbøndene lenge var i fleirtal. Industrireising, veldig folkevekst under jobbetida og konkurs, alt i løpet av eit tiår, gav grobotn for store omveltningar på kort tid. Innbyggjarane der opplevde både sveltihel og politisk radikalisering i ein kommune som lenge var dominert av bedehusrøyrsla.

Les: Den tidlege lokalpolitikken: Då KrF vart det nye Venstre

Levande kjelder
Medan dei tidlegare bøkene tildels har vore prega av mangelfull tilgang til skriftlege kjelder, har forfattarane denne gongen kunna intervjua fleire av kjeldene.

100-åringen Rakel Bjorøy er den eldste som er intervjua i boka. Ho er ei av dei Fjell-kvinnnene som tidleg tok høgare utdanning og som fekk seg leiande jobbar i det offentleg. Ved å løfta henne og andre kvinner fram vonar forfattarane og å kunna bøta på det faktum at historieskriving i stor grad omhandlar menn.

Les: Politiske føregangskvinner i Fjell

Les: Ei kvinne for si tid

Hardhendt prioritering
Denne gongen har forfattarane måtta gjera hardhendt prioriteringar i det nærast overveldande kjeldematerialet. Det har vore diskusjonar om kva hendingar som skal nemnast, kva personar som skal løftast fram og korleis omtalen skulle vinklast, medgjev Skurtveit.

Heller enn berre å referera har dei lagt vekt på å analysera og oppsummera utviklinga i desse 110 åra mellom dei to permane, supplerer Losnegård.

Skal du kunna lesa om alle desse, og alle dei andre som var med på å forma Fjell-samfunnet dei siste 110 åra, må du kjøpa «Nærare byen», siste og sjuande bandet av Fjell bygdebok.

Øygarden24 har tidlegare publisert ei rekkje saker frå same perioden. Nokre av dei kan du lesa her:
Då sotrastrilen skreiv samferdslehistorie
Då fjorden var Riksveg1
Då fjordabåten hadde endestopp på Straume
60-metaren på sokkaleisten
Då Martha møtte kronprins Olav
Slik var Straume
Alf (89) drog halve jorda rundt for å få med seg skuletreff på Brattholmen
Då silda forsvann

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.