Fryktar for dei private barnehagane

Langøy friluftsbarnehage er ein av dei private barnehagane i Øygarden som kan verta hardt ramma av Solberg-regjeringa sitt forslag til budsjettkutt.

Langøy friluftsbarnehage er med på å skapa mangfald i barnehagetilbodet i Øygarden. Utan statstilskot vil dei få problem, fortel eigar og styrar Lise Lauvik til stortingsrepresentant Silje Hjemdal (med ryggen til):


Halvparten av barnehagane i Øygarden er private. I likhet med mange andre private barnehagar landet over, kan mange av dei verta nøydde til å stengja dørene som følgje av regjeringa sitt forslag til endringar i statstilskotet for 2021, fryktar stortingsrepresentant Silje Hjemdal (FrP) og hennar partikollega, Kristin Børve Jacobsen i utval for tenester og levekår i Øygarden.

Friluftsbarnehage
Dei to FrP-politikarane besøkte Langøy friluftsbarnehage tirsdag denne veka. Den private barnehagen er ein av dei som sørgjer for mangfaldet i barnehagetilbodet og at foreldre har noko å velja mellom. På Langøy får ungane læra å verta trygge i båt og i vatn. Dei får vera med på å setja garn og krabbeteiner og kan dessutan følgja med på livet på eit småbruk med sauer og høns.

Pensjonskutt
Mange barnehagar slit økonomisk. Nær halvparten av dei forventar underskot i 2020, seier Hjemdal.

Vert regjeringa sitt forslag om å kutta 350 millionar kroner i tilskot til pensjonar for dei tilsette i dei private barnehagane på statsbudsjettet for 2021 vedteke, vil det forverra den økonomiske situasjonen ytterlegare.

Overlever ikkje
-Vi overlever ikkje dersom dette forslaget går gjennom i Stortinget, konstaterer Lise Lauvik i Langøy friluftsbarnehage.

Den private barnehagen har plass til 52 ungar. I fjor hadde dei 24 tilsette og eit ørlite overskot av ein omsetnad på 7,2 millionar, ifølgje proff.no.

Barnehagane som overlever vil koma til å slita økonomisk. Dei vil verta nøydde til å flytta pengar som skulle ha kome barna til gode over til pensjonsposten. Å henta inn vikarar vil ikkje vera noko tema, og kvaliteten på tilbodet vil verta underordna, spår eigar og styrar Lise Lauvik i Langøy friluftsbarnehage.

Må erstattast
Private barnehageplassar som går tapt må erstattast. Norske familiar forventar at det er barnehageplass til alle i alderen 1 – 6 år.

-Det offentlege kan verta nøydd til å oppretta tusenvis av barnehageplassar, nær sagt over natta, åtvarar Lauvik.

-Samarbeidet mellom stat, kommune og private barnehagar har vore ein svært vellukka velferdsreform som har bidrege til mangfald og full barnehagedekning. At regjeringa no vil rasera denne modellen er sjokkerande og umogeleg for FrP å gå med på, understrekar Hjemdal og Børve Jacobsen.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.