Equinor forlengjer avtale med CCB

CCB AS får to nye år som leverandør av undervass basetenester til Equinor.

Administrerande direktør Øyvind Langedal i CCB AS kan glada seg over at Equinor har forlenga avtalen på levering av basetenester fram til sommaren 2023.

Equinor har tildelt kontraktar på basetenester til ein samla verdi på 1,4 milliardar kroner dei to neste åra, melder oljeselskapet i ei børmelding.

Morselskapet til CCB AS, NorSea Group AS, stikk av med med ein størsteparten av verdien, fordelt på seks dotterselskap. Både CCB Ågotnes og Mongstad vert omfatta av det som i praksis er ei toårig forlenging av den noverande avtalen som vart inngått i 2015.

-For CCB, som leverandør til NorSea Group, er dette en viktig kontrakt. Vi er veldig fornøyd med at Equinor nå forlenger avtalen med to år, skriv administrerande direktør Øyvind Langedal i ein kommentar til Øygarden24.

-Dette betyr at vi har forutsigbarhet for at aktiviteten innen Subsea Varehus på Ågotnes forlenges til 30.06.23, i tillegg til at vår omfattende aktivitet på Mongstad er sikret et fortsatt godt aktivitetsgrunnlag.

På Ågotnes er om lag 25 arbeidsplasser direkte berørt av denne kontrakten, men i tillegg kommer en god del aktivitet til andre avdelinger som en konsekvens av aktiviteten på varehuset. På Mongstad berører kontrakten direkte vel halvparten av selskapets ca 220 ansatte. På Mongstad, som på Ågotnes, er det i tillegg en god del tilleggsaktivitet som følger med, skriv Langedal.

Kontrakten vil ikkje innebera endringar i arbeidsoppgåver eller ansvarstilhøve.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.