NM-gull til Tofterøy

No er det offisielt. Norges beste lynghonning kjem frå Tofterøy.

Birøktaren Harold Trellevik i arbeid. Brunbiene klumpar seg saman i kubane og førebur seg til vinteren.

Lynghonning frå vestsida av Sotra har lenge hatt ord på seg for å vera ei delikatesse, også utanfor lokalsamfunnet, seier birøktaren Harold Trellevik frå Tofterøy til Øygarden24.

Sist helg gjekk Trellevik sin eigen honning frå lyngmarkane på Tofterøy heilt til topps i NM i honning. 207 ulike honningar deltok. 80 av dei var sokalla sortshonningar, laga på lyng, lind, bringebær, skogsbær eller honningdogg. Dei øvrige innehaldt nektar frå fleire ulike blomeslag.

-Honning er ikkje berre honning, slår gullmedaljevinnaren fast.

Statusheving
Den sødmefyllte delikatessa har fått ein renessanse siste åra. Stadig fleire urbane ungdomar installerer eit bifolk eller fleire i hagen – eller på taket.

NM i honning inngår som eit ledd i den faglege kompetanse- og statushevinga. Bak kåringa stod interesseorganisasjonen ByBi HonningHub i samarbeid med Honning Centralen og Vossamøtet.

Vatn i munnen
Nett som i vinproduksjon, snakkar honningprodusentane gjerne om terroir – jordsmonn eller område.

-Lyngmarkane på vestsida av Tofterøy gjev ideelle tilhøve for produksjon av lynghonning, hevdar den nybakte norgesmeistaren.

Trellevik sine 16 bikubar står stasjonært plasserte på vestsida av Tofterøy året rundt. Dei milde vintrane på øyane ytterst på Vestlandskysten gjev vekstvilkår for klokkelyng og purpurlung. To lyngsortar som gjev milde, flytande honningar. I kombinasjon med den noko skarpare smaken frå røsslyngen gav honningen frå Toftarøy det internasjonale dommarpanelet vatn i munnen.

-Fin frisk duft av blomster, jord og bitre urter. Masse deilige syrlige skogsbærtoner i tillegg til krydder og treverk, litt melis i avslutningen. Klassikk røsslyng, oppsummerer juryen sin sensoriske analyse.

Handverk
Det er biene som gjer jobben. Birøktaren skal helst bearbeida honningen så lite som mogeleg, noko som passar hobbybirøktaren på Tofterøy med Nordsjøturnus veldig bra.

I kjellaren gjer Harold Trellevik det på gamlemåten. Handverket vert utført pietsfullt, nett slik han lærte det av far sin for meir enn 40 år sidan.

Innsatsen resulterte i 600 kilo honning i fjor. Mesteparten vert levert til samvirkeorganisasjonen Honning Centralen, som blandar gullmedaljehonningen saman med annan lynghonning som vert seld som eit standardprodukt.

Berre nokre få kilo vert seld lokalt, hovudsakleg til faste kundar, seier Trellevik. NM-medaljen freistar ikkje til å opparbeida Trellevik lynghonning til noko merkjevare.

Brunbier
Medaljen deler NM-vinnaren med den summande storfamilien av brunbier. Berre brunbier kunne ha laga nett denne honningdelikatessa, forstår vi på Trellevik.

Brunbiene har ingenting mot ruskevêret ytterst på Sotra. Dei flyg ut og sankar nektar i regn og nordavind, under tilhøve der andre meir og varmekjære bieslag ville ha klumpa seg saman inne i kuben.

Også yngelproduksjonen til brunbiene er tilpassa hausting av nektar frå nettopp lyng. Populasjonen inne i kubane byggjer seg opp mot ein topp i juli/august, akkurat i den tida lyngen blømer.

«Snille»

«Snille» bier som ikkje stikk er eit av måla med Harold Trellevik sitt avlsarbeid. 


Hobby-birøktaren frå Tofterøy er ein del av eit veksande miljø også lokalt, med interesse for bihald og honningproduksjon. Sotra Birøktarlag har for tida meir enn 100 medlemmer.

Sjølv har Trellevik delteke i avlsarbeid. Målet er å få fram dronningar som er flittige, sjukdomsresistente og som er «snille» og ikkje stikk, avsluttar han.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.