Lite imponert over Øygarden

Miljøorganisasjonen Sabima er lite imponert over Øygarden kommune sin vilje til å ta vare på naturen.

Det særmerka kystlandskapet på Golten er ein del av strandsona som miljøorganisasjonen Sabina ønskjer å ta vare på.

«Fyrtårnet» Øygarden manglar mange av dei kvalitetane som kjenneteiknar ein kommune som jobbar medvite for å ta vare på naturen, kjem det fram av oversikten «naturkampen».

Bak undersøkinga står den nasjonale miljøorganisasjonen Sabima, ein organisasjon som arbeider for å stansa tapet av naturmangfald og ta vare på truga artar.

Øygarden havnar heilt nede på 214. plass av 356 norske kommunar, med berre 37,17 poeng av 100 mogelege.

Best ut kjem Flakstad i Lofoten og Hvaler i Østfold, med 66 poeng. Solund er best ut i Vestland, med 64 poeng og ein tredjeplass nasjonalt.

Dispensasjonar
Ikkje overraskande kjem vekst og utbyggingskommunen Øygarden særleg dårleg ut når det vert spørsmål om nedbygging av landbruksjord, privatisering av strandsona og bygging i LNF-område. Heile 71% av dispensasjonssøknadane i LNF-område vert innvilga, har miljøorganisasjonen rekna seg fram til på grunnlag av data kommunen sjølv har rapportert for åra 2017, 2018 og 2019.

Det at berre 0,06 prosent av kommunebudsjettet på 2,8 milliardar kroner er avsett til natur, friluftsliv og opparbeiding av naturkompetanse utløyser eit surt, raudt fjes hos miljøorganisasjonen.

Men lyspunkta finst; det at kommunen har ein kommuneplan, i det minste for ein del av kommunen, frå 2016 lokkar fram eit bredt, grønt smil hos miljøorganisasjonen.,

Lite kunnskap
Naturtypar og naturendringar er område norske kommunar har skremmande lite kunnskap om, er miljøorganisasjonen sin bodskap, først og fremst til politikarane. I motsetnad til dei fleste andre kommunale ansvarsområde, manglar fleirtalet av norske kommune- og arealplanar målsetjingar for ivaretaking av naturmangfaldet, avslører Sabima.

Politisk vedtak
Ti ulike parametre er vurdert i undersøkinga. Kommunane som kjem best ut vert kjenneteikna mellom anna ved at dei har gjort eit politisk vedtak om at dei skal vera arealnøytrale. Dei har laga ein eigen kommunedelplan for naturmangfald, og har avsett ein brukbar del av kommunebudsjettet til naturmangfald og friluftsliv.

Få eller ingen dispensasjonssøknadar vert innvilga og lite areal med dyrka mark, myr og strandsone vert nedbygd.

Auka kunnskap
Ivaretaking av kulturlandskapet, myrar, gamle skogteigar og truga dyre- og fugleartar står øvst på Sabima sin dagsorden. Det ønskjer dei å gjera gjennom å auka medvitet om betydninga av naturmangfald og behovet for å auka kunnskapen gjennom å kartlegga lokale naturtypar.

Sabima er paraplyorganisasjon for:

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.