Samtleg 304 elevar ved Sund ungdomsskule vert i dag, tirsdag, oppfordra til å halda seg heime i frykt for korona.
Stenginga er eit føre-var-tiltak etter at ein tilsett ved skulen har fått påvist smitte, melder Øygarden kommune.
Sund ungdomsskule har 304 elevar fordelt på 12 klassar og 43 tilsette. Stenginga er det mest omfattande koronatiltaket i Øygarden kommune, så langt.
Også ein pårørande til ein av elevane er smitta.
Fire klassar ved ungdomsskulen er no tekne ut i karantene, i tillegg til ein klasse som vart sett i karantene før helga.
Elevane vil få fjernundervisning.
Stenginga av skulen er gjort i samråd med smittevernlegen. I dag vil det verta klart kva elevar som framleis må vera i karantene utover denne dagen, seier rektor Sølvi Fjeld Bjorøy til kommunen si nettside.