Konkurransetilsynet vil ha varsel om ulovleg samarbeid – tilbyr amnesti

Konkurransetilsynet går no ut og tilbyr amnesti til bedriftsleiarar som varslar om ulovleg samarbeid.

Oppfordrar norske bedriftsleiarar til å varsla om ulovleg samarbeid – Konkurransedirektør Lars Sørgard. Foto: Konkurransetilsynet.

Heile 30 prosent av norske bedriftsleiarar meinar det skjer ulovlege samarbeid i deira bransje, ifølgje ei undersøking Konkurransetilsynet har gjennomført. 3.348 bedriftsleiarar svara på undersøkinga.

Som ein konsekvens sender Konkurransetilsynet no ut brev til 100 tilfeldig utvalde bedriftsleiarar der dei informerer om ordninga om å søkja amnesti for ulovleg samarbeid. 

Konkurransekriminalitet kan kosta dyrt, om det vert oppdaga. Men det er mogeleg å unngå å verta straffa, lokkar Konkurransetilsynet i brevet som vart sendt ut i dag.

Førstemann som varslar Konkurransetilsynet om eit ulovleg samarbeid og «legg korta på bordet» skal få amnesti og unngår straffegebyr.

Ulovlege samarbeid vert ofte kalla «kartell». Slike samarbeid vil redusera konkurransen i ein marknad og er ulovleg. 

Ulovlege samarbeid kan fungera på ulike vis og treng ikkje vera formalisert i nokon avtale. Slikt samarbeid kan mellom anna omfatta; prissamarbeid, marknadsdeling, avtaler om kundedeling, og avtaler om produksjonsbegrensningar. 

Konkurransetilsynet varsla før helga at det har starta etterforsking av ein bransjeforening om mogeleg utveksling av konkurransesensitiv informasjon vedrørande Covid-19 pandemien.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.