Åtvarar mot å prioritera lokale leverandørar

Ein kan ikkje tildela kontraktar til lokale leverandørar berre fordi dei er lokale, åtvarar NHO.

Kommunane bør opna for konkurranse, også mellom lokale SMB-verksemder, oppfordar Arnhild D. Gjønnes, NHO sin juridiske ekspert på offentlege anskaffelsar. Foto: NHO.

Det digitale fagtidsskrifter Anbud365 har reagert på media si haussing av lokale leverandørar og sikring av lokale arbeidsplassar i kommunale anbodsprosessar.

Les: Vil at vi skal handla meir lokalt

Slikt er ikkje greit. Ein kan ikkje tildela kontraktar til lokale leverandørar berre fordi dei er lokale, kommenterer advokat Arnhild D. Gjønnes som er NHO sine ekspert på offentlege anskaffelsar.

Sjølv om kontraktane har ein verdi på under 1,3 millionar kroner som er grensa for pålegget om offentleg utlysing, må det offentlege leggja til rette for at alle verksemder, også dei små, kan delta i konkurransen, seier Gjønnes til Anbud365.

Anskaffelsesforskriften opnar mellom anna for oppdeling av kontraktane, og for regionale parallelle rammeavtalar.

Les: Samferdselsministeren om OPS-kontrakten: -Ville vore ulønsamt å dela kontrakten

Stimulera
Lokale verksemder kan ha problem med å finna oppdrag under 1,3 millionar kroner, sidan kommunane ikkje er pålagt å utlysa dei. Konkurranse om slike kontraktar vil likevel stimulera det lokale næringslivet, er Gjønnes overtydd om.

Slik det er i dag må oppdragsgjevarane sikra at så mange som mogeleg vert invitert inn i konkurransen, oppfordrar NHO sin ekspert på offentlege anskaffelsar.

Anskaffelseslova tilseier at oppdragsgjevar skal opptre i samsvar med grunnleggjande prisnipp om konkurranse, likebehandling, føreseibarhet, etterprøvbarhet og forhaldsmessighet. Oppdragsgjevar skal syta for at det er konkurranse om kontraktane, noko som inneber at dei må gjerast kjent for fleire leverandørar. Berre unntaksvis vil oppdragsgjevar kunna tildela ein kontrakt direkte til ein leverandør utan konkurranse. Kor mange leverandørar som bør delta i ein konkurranse, vil avhenga av verdien og omfanget av kontrakten, kompleksiteten og arten på oppdraget.

Last ned NHO sin rapport om korleis styrka dei lokale SMB-verksemdene i konkurransen

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.