Øygardsøkonomien 2021: Nokon må ut

Inntektssvikt og underskot to år på rad tvingar fram harde økonomiske prioriteringar i Øygarden neste år.

Kommunedirektør Rune Lid er førebudd på sluttpakkar og oppseiingar for å betra den økonomiske situasjonen i Øygarden.

Den årlege budsjettsamlinga for Øygarden kommune vart ei realitetsorientering for optimistiske vekstpolitikarar i den nye storkommunen. To år på rad med inntektssvikt og underskot har tært hardt på dei økonomiske reservane. No er det berre eitt tiltak som står mellom kommunalt sjølvstyre og statleg overstyring i form av ein posisjon på den frykta Robek-lista,

Robek
-Det er nødvendig å gjennomføra omfattande grep for å unngå at kommunen havnar i Robek-registeret, oppsummerte kommunedirektør Rune Lid situasjonen i framlegget til budsjett for 2021 og økonomiplan for 2021 – 2024 som vart lagt fram i dag. 

Du kan lesa kommunedirektøren sitt framlegg her.

Lønskostnadane vil utgjera 70 prosent av budsjettet på 2,85 milliardar kroner for 2021, og er ein post som står utsett til for kostnadskutt.

Samordning av aktivitetane i gamle Fjell, Sund og Øygarden har så langt ført til ein reduksjon på 70 årsverk, men det er berre byrjinga.

Ytterlegare 30 årsverk må vekk – minst – neste år. Behovet for reduksjon i talet på stillingar kan fort verta dobbelt så stort. Det endelege talet vil avhenga av om tilsette i ressursgruppa som ikkje fekk tildelt fast jobb i samband med kommunesamanslåinga, finn seg noko anna å gjera, og om kommunen klarar å gjennomføra dei øvrige innsparingstiltaka som vert føreslegne i budsjettet.

Sluttpakkar og oppseiingar
Kommunestyret bør alt no ta stilling til sluttpakkar og oppseiingar for å få budsjettet i balanse, oppfordrar Lid.

Tilsette som vert att må førebu seg på å jobba enno meir effektivt.

Vikarbruken skal ned, har kommunedirektøren tidlegare varsla.

Les: No eksploderer vikarkostnadane

Å kutta betalt lunsj for tidlegare tilsette i Sund og Øygarden er og eit aktuelt tema. Tidlegare tilsette i Fjell har alt 8 timars arbeidsdag. I den nye kommunen bør alle behandlast likt. Men det vil og ha ein effektiviseringsgevinst om arbeidsdagen vert utvida til 8 timar for samtlege tilsette. Her ventar kommunedirektøren på utfallet av ei rettsak Fagforbundet og Delta har initiert ovanfor KS (Kommunenes Sentralforbund) på vegne av tilsette i dei samanslåtte kommunane Ålesund og Asker.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.