Omfattande skogplanting kan vera eit vel så effektivt klimatiltak som karbonfangst- og lagring.

Lauvskog, gran og furu yter eit viktig bidrag i kampen mot klimaendringane, ifølgje den Regjeringstinga rapporten «Planting av skog på nye areal som klimatiltak».
Halvparten
Den heimlege skogen absorberer halvparten av dei nasjonale, landbaserte klimagassutsleppa. I 2018 var opptaket heile 28,8 millionar CO2-ekvivalentar, ifølgje rapporten.
Effekten av dei planlagde karbonfangst og -lagringstiltaka i Regjeringa si prestisjesatsing «Langskip» vil til samanlikning berre utgjera 400.000 tonn i startfasen, ifølgje olje- og energiminister Tina Bru.
Hogstmoden
Omfattande skogplanting, mellom anna på Vestlandet, siste hundreåret har bidrege til ein tredobling av kubikkmassen i skogen, men no nærmar myke av denne skogen seg tid for hogging.
Skal skogen framleis kunna spela ei viktig rolle i den norske klimarekneskapen må det plantast ny skog. Mykje. Snart, hevdar fylkesmannen i Vestland.
Fem millionar dekar
Det vil vera mogeleg å setja av eit areal på ein million dekar på Vestlandet og i Nord-Norge til å planta skog. Dei komande fem åra bør det plantast skog på fem millionar dekar, siterer fylkesmannen i Vestland bransjeorganisasjonen Skognæring Kyst.
Bindinga av CO2 aukar med aukande alder på skogen. Planting av alle treslag vil kunna gje ein positiv klimaeffekt. For at ei slik omfattande skogplanting skal vera kommersielt interessant, bør ein imidlertid satsa på gran, tilrår rapporten.
Interessekonflikt
Ikkje alt areal eignar seg til skogplanting. Avsetjing av nytt areal for skogplanting må vegast opp mot interessene for mellom anna ivaretaking av truga naturtypar, det biologiske mangfaldet og friluftsliv, ifølgje fylkesmannen.