FrP går hardt ut mot fylkesmannen og Statens vegvesen sitt lovheimla høve til å nedleggja veto i arealsaker.

Innsigelse er rett ord å nytta når fylkesmannen eller Statens vegvesen overprøver kommunale vedtak om arealutnytting, bygging i strandsona eller i andre sårbare område.
FrP, med kommunalpolitisk talsperson Helge Andre Njåstad i spissen, la nyleg fram eit forslag for Stortinget om å ta frå dei to statlege instansane retten til å koma med innsigelse i arealsaker.
Les: Ber Stortinget vengeklyppa fylkesmannen
Førstkomande tirsdag inviterer partiet til dialogmøte med lokalt næringsliv for å orientera om lovforslaget. Vest Næringsråd er medarrangør for møtet.
Både Njåstad og Silje Hjemdal, partiet sin andrekandidat frå Hordaland på Stortinget, vil delta.
– Dette handlar om å fjerna dårlege og dyre byråkratiske løysingar som hemmer verdiskaping i kommunane, hevdar Njåstad i ei pressemelding.
FrP-politikaren har sett seg lei på at fylkesmannen har ikkje teke til seg signala frå Høgre-regjeringa om å leggja sterkare vekt på lokale vedtak.
-Det at høvet til innsigelse eksisterer gjer det vanskeleg for privatpersonar og næringsliv å føresjå utfallet i saka si. Eg er sikker på at mange kvier seg for ¨setja i gang byggeprosjekt fordi dei må gjennom eit hav av endringar før du kanskje får byggjeløyve etter kostbare og tidkrevjande prosessar, seier Njåstad.