Kommunedirektøren: -Øygarden har ikkje råd til fleire fysioterapeutar

Personar med muskel- og skjelettplager i Øygarden skal framleis måtta venta i månadsvis på behandling. Kommunedirektøren foreslår å utsetja planen om fleire fysioterapeutar med driftsavtale.

Etterlyser fleire fysioterapeutar i Øygarden – Per Asheim, FNB. Arkivbilete.

Øygarden er ein av dei kommunane i landet med lågast dekning av fysioterapeutar, kjem det fram av ei sak som skal opp i utval for teneste og leverkår denne veka. 

Utsiktene til ei snarleg betring i tilbodet er likevel små, ifølgje kommunedirektøren si tilråding i saka.

Kommuneøkonomien tillet ikkje oppretting av fleire stillingar for fysioterapeutar dei første åra, hevdar kommunedirektøren.

Lang ventetid
Øygarden manglar i dag 6,4 fysioterapi-stillingar samanlikna med det politiske målet om 9 stillingar per 10.000 innbyggjarar.

-Konsekvensane av ein slik politikk er at menneskjer med muskel og skjelettplager risikerer å falla ut av arbeidslivet i ventetida, åtvarar kommunestyrepresentant Per Asheim (FNB) til nettavisa Øygarden24.no.

Les: Gjestekommentar: Fysioterapi, VA-tilkopling, sjukefråvær og kommunal saksgang

-Dei som treng fysioterapi må anten venta i mange månadar, eller betala heile behandlinga sjølv. Innbyggjarar med muskel- og skjelettlidingar får ikkje dekka utgiftene til fysioterapi på eigenandel frikort del 2, seier Asheim.

Underdekninga på kommunale fysioterapeutar er til å gråta av, ifølgje FNB-representanten. Han har engasjert seg sterkt i saka.

Politikarane vil ha fleire stillingar
Kommunestyret i Øygarden vedtok i vår at dekninga av fysioterapeutar i kommunen snarast skal aukast til 9 stillingar per 10.000 innbyggjarar. Dei bad då om ein plan for korleis dette kan gjennomførast. No svarar altså kommunedirektøren at det ikkje er økonomisk forsvarleg å gjennomføra kommunstyret sitt vedtak med det første.

Innbyggjarar med muskel og skjelettplager risikerer med andre ord framleis å måtta venta lenge på behandling. I dag har fyrtårnet i vest berre 28,5 fysioterapeutar, eller 7,7 stillingar per 10.000 innbyggjarar. På landsbasis er snittet 9,7 stillingar, ifølgje saksinnstillinga.

Arv frå dei gamle kommunane
Situasjonen er ikkje ny. Den nye kommunen har arva underdekninga frå dei gamle kommunane. Fjell, Sund og Øygarden har i mange år hatt for få avtalar om fysioterapi til at alle med behov for slike teneste har kunna førebyggja kroniske helseplager i framtida til ein fornuftig kostnad, ifølgje FNB-representanten.

Rett til refusjon
Av dei 28,5 stillingane i Øygarden i dag er 20,5 stillingar kommunale, med ansvar for trening og rehabilitering på sjukeheimane, born og folkehelse. Dei  kommunalt tilsette har ikkje rett til å utføra behandlingar som inneber rett til refusjon frå Staten.

Berre 8 fysioterapeutar har offentleg driftsavtale og eit tilbod retta mot allmenta.

Eit spørsmål om kostnad
Kvar stilling med driftsavtale inneber ein kostnad for kommunen på nærare kr. 450.000, men då dekkar fysioterapeuten alle kostnadar sjølv, ifølgje saksinnstillinga.

For kvar kommunalt tilsett fysioterapeut får kommunen ein refusjon frå Staten på kr. 210.000 kroner, men då må kommunen i tillegg dekka kostnadar til utstyr og lokale.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.