Å nyta solnedgangen over den øygarske skjærgarden frå Fjell festning kan inspirera meteorologen i oss alle.

Øygarden byr på mange fine stadar der vi strilar kan sjå sola søkkja i havet. Turen til Fjell festning i kveld inspirerte meteorologen i meg.
Les: Opplev solnedgangen frå Turøyvarden
«Når sola går ned i ein sekk, er neste dag vekk», er det eit gammalt vêrteikn som seier. Eit anna vêrteikn med tilsvarande konklusjon lyder «aften rød gjør morgen blød».
Moderne meteorologar har etterprøvd realitetane bak desse og andre gamle vêrteikn. I motsetnad til mange andre er desse to bygde på faktiske meteorologiske tilhøve og eigna til å seia noko om korleis morgondagen vert, vêrmessig sett, lyder konklusjonen frå fagleg hald.
Les: Ask før eik
Vêrteikna byggjer på observasjonar av skyene. Her vestpå er det eit faktum at skysystema ofte kjem inn frå Nordsjøen i vest. Går sola ned i ein sekk, slik ho gjorde i kveld, er det eit teikn på at det truleg vil skya til over natta, og at sola ikkje vil vera å sjå i morgon. Ein nydeleg, raud solnedgang skal vera eit varsel om det same.
Ein rask kikk på yr.no tyder på at hobby-meteorologen kan få rett…
