Tre lokale vegstrekkjer står på dagsorden når saksordføraren for Regional transportplan i dag kjem på synfaring til Øygarden.

Kampen om vegmilliardane i Regional transportplan (RTP) vert beinhard når fylkestinget i Vestland i desember skal prioritera veginvesteringane i fylket den komande tiårsperioden. I Øygarden har vi fleire vegstrekkjer som bør vera med på den endelege investeringslista.
Sigbjørn Framnes (FrP) frå Stord er saksordførar for RTP. I dag kjem han til Øygarden for å dra på synfaring på aktuelle vegstrekkjer, seier leiar for planutvalet, Svein Otto Jacobsen (FrP) til nettavisa Øygarden 24.no.
På dagsorden står Vestsidevegen, ny veg frå Fjell til Sund over Krossleitet og omklassifisering av ny Fv. 561 frå Kolltveit til Ågotnes til riksveg, ifølgje planutvalsleiaren.
Jacobsen, saman med varaordførar Atle Dåvøy (KrF) og leiar for utval for samfunnsutvikling Andreas Tjong Kallekleiv (H) er dei som har fått ansvaret for å overtyda saksordføraren om at våre lokale vegprosjekt bør ha prioritet når lista over veginvesteringane den komande tiårsprioden skal vedtakast.
Omklassifiseringa av ny Fv. 561 gjennom utmarka frå Kolltveit til Ågotnes vart ikkje prioritert då fylkesutvalet i Vestland i vår la fram sine prioriteringar til ny Nasjonal transportplan. Den knappe 10 kilometer lange vegen har ein førebels prislapp på tre milliardar kroner.