Ber Stortinget vengjeklyppa fylkesmannen

I Fjell fekk dei medhald i tre av dei fire plansakene kommunen klaga inn til Kommunaldepartementet. No krev FrP at fylkesmannen vert vengjeklyppt.

Vil vengjeklyppa fylkesmannen – Helge André Njåstad og FrP. Arkivbilete – FrP.

Det høyrer til fylkesmannen sine mange oppgåver å kvalitetssikra forslag til kommunale planar opp mot nasjonale lovar og føringar. Verken næringsliv eller lokalpolitikarar er særleg glade for det dei oppfattar som fylkesmannen si utidige innblanding i sine planar.

Les: Vil redusera fylkesmannen si makt

-Stortinget må ta frå fylkesmannen og Statens vegvesen retten til å koma med innsigelse i plan- og arealsaker, krev Helge Andre Njåstad, saman med ni andre FrP-representantar i eit representantforslag som skal opp til behandling på Stortinget. 

Den lovbestemte saksgangen i kommunale plan- og arealvedtak legg hindringar i vegen for utøvinga av kommunalt sjølvstyre, argumenterer forslagstillarane.

Klager på kommunale planvedtak skal i staden behandlast direkte av Kommunaldepartementet, føreslår FrP-politikarane.

Lokalpartiet i Øygarden har jobba tett mot Stortingsgruppa i denne saka, seier leiar for planutvalet i Øygarden, Svein Otto Jacobsen (FrP) til nettavisa Øygarden 24.no.

Lobba mot Stortinget
-Lokalt opplever vi stadig vekk fylkesmannen som ein bremsekloss for den utviklinga vi ser for oss. Stadig kjem det opp lokale saker der fylkesmannen opptrer som bremsekloss, hevdar utvalsleiaren i Øygarden.

Det landbaserte oppdrettsanlegget på Golta og utbyggingsplanane på Ebbesvik er døme på pågåande saker der fylkesmannen burde halda seg unna den kommunale saksgangen, og som kan koma til å verta klaga inn til Kommunaldepartementet, ifølgje utvalsleiaren.

Les: Golta ein ideell stad

Les: Delte erfaringar med urbant jordskifte

Stoppar opp
Noko av FrP-politikaren sin innsigelse mot fylkesmannen omhandlar byråkratisk sommel og seindrektighet.

-Planarbeidet stoppar opp. Det tek år og dag å få til eit meklingsmøte med fylkesmannen. Fylkesmannen trenerer planane. Ta saka frå Ebbesvik. Det er meir enn ti år sidan planarbeidet starta. No i oktober skal vi til meklingsmøte med fylkesmannen, og då er det ti månadar sidan forrige møtet. Det vert dyrt for private når planarbeidet dreg slik ut, seier Jacobsen.

Utvalsleiaren ser lyst på utsiktene til å få vengjeklyppa fylkesmannen. Tidlegare Fjell kommune tok fire innsigelsessaker heilt opp til Kommunaldepartementet. I tre av sakene fekk dei medhald, ifølgje Jacobsen.

Les: Får lov å byggja handlesenter her

Medhald
Etter at Erna Solberg tok over som Statsminister i 2013 har 169 innsigelsar frå fylkesmenn blitt klaga inn for Kommunaldepartementet. I 90 av sakene er innsigelsane ikkje tekne til følgje. I 47 av sakene er dei delvis tekne til følgje og i 32 saker er innsigelsane tekne til følgje. Kommunane har fått heilt eller delvis medhald i 81 prosent av sakene, mot 42 prosent under den raudgrøne regjeringa, hevdar dei ti FrP-representantane på Stortinget.

 

One thought on “Ber Stortinget vengjeklyppa fylkesmannen

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.