Opnar for besøk på sjukeheimane

 No lettar Øygarden på pandemirestriksjonane.

Ein veldig auke i smittetilfella to veker tilbake førte til at den kommunale kriseleiinga i Øygarden innførte ei rekkje lokale restriksjonar for stoppa utbrotet. No går smittetala ned, og i dag kunngjorde kommunen at dei lettar på restriksjonane, melder Øygarden kommune på heimesida si.

Bebuarane på dei fire omsorgsinstitusjonane Fjell sjukeheim, Sundheimen, Tednebakkane omsorgssenter og i insititusjonaplassane på det lokalmedisinske senteret på Straume kan igjen ta mot besøk frå pårørande og gamle kjende.

Det maksimale talet på personar som deltek på offentlege arrangement vert samstundes auka frå 50 til 200. Talet på deltakarar på private arrangement vert samstundes heva frå ti til 20 personar.

Opphevinga av smittevernråda vert gjort som ein konsekvens av at smittetrykket i kommunen er vesentleg mindre enn det var for ei veke sidan, seier ordførar Tom Georg Indrevik til kommunen si heimeside.

– Vi byggjer avgjerda på faglege råd. Når smittenivået no har gått ned, er det forsvarleg å gå tilbake til smittevernråda vi hadde før innskjerpinga, seier ordføraren.

Indrevik rosar både innbyggjarane og dei tilsette i kommunen for den felles innsatsen som er gjort for å få redusert smittetrykket. Det er likevel umåteleg viktig at vi framleis er nøye med å halda dei generelle smittevernreglane, understrekar leiaren for den kommunale kriseleiinga.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.