Set spenning på politikken

«Vindbaroner» er ein energipolitisk spenningsroman med aktualitet også for Øygarden.

Vindmøller på Fitjarfjellet. Arkivbilete.

Krim er ein populær sjanger i norsk litteratur. Hogne Hongset er likevel ein av få forfattarar som tør utforska eit politisk tema for å skapa spenning i forteljinga.

Frilansjournalisten Mona Messel kjem i alvorleg klemme når kommersielle norske kraftutbyggjarar inngår allianse med italiensk mafia om utbygging av vindkraft i stor skala. Journalisten avslører fort at politikarane sin bodskap om «Norge som Europas batteri» er ein myte som kraftutbyggjarane sjølv ikkje har noko tru på. Klisjeen kan likevel vera eit nyttig argument for å få gjennomslag for kontroversielle utbyggingar og ofra unik norsk natur i byte for høgare straumpris.

Den unge journalisten avslører både drap og økonomisk utpressing. Ho samarbeider minst like godt med Politiet som med sin eigen redaktør. Undervegs er det ho som tek regien på oppklaringa av dei mange samantvinna historiane som Hongset spinn saman til ein uventa slutt.

At forfattaren har sterke meiningar om norsk energipolitikk treng ikkje lesarane mange sider for å oppdaga. Hongset har lite til overs for effektkøyring av norske kraftverk, storstilt vindkraftutbygging, og internasjonal kraftsamkøyring.

Hogne Hongset har jobba eit heilt arbeidsliv i energibransjen, mellom anna som informasjonssjef i Statoil. Første boka si publiserte han først etter at han pensjonerte seg.

Den politiske bodskapen går som ein raud tråd gjennom heile boka. Det er likevel først i etterordet at Hongset samanfattar og utgjupar sin politiske agenda.

«Vindbaroner» kom ut i 2019 på eige forlag.

Bakgrunnen frå fagrøyrsla og LO medverka til at den førre boka til Hongset, «Mafiela», vart innkjøpt av Fagorganisasjonen Industri Energi og utdelt til politikarar i samband med diskusjonen om det europeiske energisamarbeidet ACER, mellom anna til kommunestyret i Fjell.

Les: Krim for kommunestyret

Storparten av handlinga i «Vindbaroner» er lagt til Telemark. Diskusjonen om manglande nettkapasitet til storstilte CCS- og hydrogenproduksjonsplanar i Øygarden som følgje av elektrifiseringa av norsk sokkel, og påstanden om behov for ei lokal vindkraftutbygging, tilseier at boka har aktualitet også her hos oss.

Hogne Hongset:
«Vindbaroner»
Spenningsroman
Hobi Forlag, 2019

2 thoughts on “Set spenning på politikken

  1. «Spenning i politikken». Tror neppe Vestnytt vil komme med en slik opplysning. Visste ikke om boken eller forfatteren. Her ble jeg litt klokere.

    Likar

    1. Dette er først og framst ein bokomtale. Temaet formeleg ropar etter ein spenstig og mangetydig tittel… Du har rett i at boka er lite kjent, men du kan låna ho på biblioteket.

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.