Plankonferansen vert grønare

Det er fylkesvaraordførar Natalia Antonia Golis (MDG) som skal leia plankonferansen denne hausten.

Fylkesvaraordførar Natalia Antonia Golis (MDG). Foto: Vestland fylkeskommune.

Den årlege plankonferansen er eit samarbeid mellom fylkeskommunen og fylkesmannen og eit viktig signal til planleggjarane kringom i kommunane kva retning styremaktene helst ser at «utviklinga» tek.

Val av aktuelle tema som handtering av interessekonfliktar i strandsona og plan og bygningslova har gjort plankonferansen til ein populær treffstad for alle som gjerne vil halda seg informerte om offentleg planlegging.

Les: Interessekonflikter i kystsona

Les: Kontroversiell lov fyller 50

Første året som nytt storfylke signaliserer arrangørane at dei gjerne set at planlegginga tek ei anna og grønare retning. «Planlegging i ei brytningstid» er tema for konferansen 27. oktober.

-Vi lever i ei brytingstid der vi må endra samfunnet vårt i ei meir berekraftig retning for at òg komande generasjonar skal ha gode levevilkår, skriv konferanseleiar, fylkesvaraordførar Natalia Antonia Golis frå MDG i invitasjonen til alle som er opptekne av offentleg planlegging.

Berekraftsmål, CO2, naturtap og sosial berekraft er mellom temaene som vil verta teke opp. Den breie tilnærminga vil verta ivareteke av kunnskapsrike og nytenkjande innleiarar, reklamerer Golis.

Arrangørane har ambisjonar om å trekkja opp linjene for dei store utfordringane innan plan-, klima og folkehelse i løpet av ein dag. Den digitale konferansen vil verta følgt opp med invitasjon til webinar som gjev høve til djupdykk i ulike tema, varslar arrangørane.

Du kan lesa meir om plankonferansen på fylkeskommunen sine heimesider.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.