1.513 ledige – 95 utlyste jobbar

Stadig fleire arbeidstakarar vert langtidsledige. Dei få utlyste jobbane stiller heilt andre krav til kvalifikasjonar. 

Uroleg for ein auke i talet på langtidsledige, direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV.

Øygarden held fram med å vera på topp i arbeidsløyse i Vestland. Berre Aurland har no høgare registrert arbeidsløyse enn Øygarden. 875 heilt ledige inneber at den offisielle arbeidsløysa i kommunen ved utganen av september er på 4,4 prosent

Ved utgangen av september var 1.513 personar i Øygarden meldt ledige hos NAV. Det var 141 færre enn ein månad tidlegare. Både talet på heilt ledige og delvis ledige hadde sunke siste månaden. Størst var nedgangen i talet på heilt ledige, ifølgje NAV.

Store hol
Men, NAV sin statistikk over arbeidsmarknaden i Øygarden i september er ein oversikt med store hol.

Langtidsledige
Talet på landtidsledige, det vil seia personar som har stått utanfor arbeidsmarknaden i 26 veker eller meir, aukar urovekkjande i Vestland. Talet er nærast dobla sidan utgangen av august.

– Det er dette vi har frykta, og er bekymra for. Sjølv om ein del av dei langtidsledige er permitterte veit vi også at fleire av disse kan ende opp med å miste jobben. Når verksemdene etter kvart ikkje lenger drar nytte av tiltakspakkene dei har fått i samband med koronasituasjonen, kan resultatet vere at dei må seie opp dei permitterte, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV Vestland i ei pressemelding.

Dobling
Medan kring 7.500 vestlendingar ved utgangen av august hadde vore heilt eller delvis ledige i 26 veker eller meir, hadde talet i utgangen av september stige til over 14.000, ifølgje NAV.

Kor mange av dei 14.000 langtidsledige som er heimehøyrande i Øygarden, får vi ikkje vita. Verken talet på permitterte eller talet på langtidsledige i kommunen vert offentleggjort. 

Få stillingar å søkja på
Det er eit klart misforhald mellom talet på arbeidssøkjarar og talet på utlyste stillingar i kommunen, kjem det klart fram av talmaterialet. Om dei 1.513 registrerte arbeidssøkjarane framleis ønskjer å arbeida i heimkommunen, har dei berre 95 utlystestillingar å konkurrera om.

Fleirtalet av dei utlyste stillingane har krav om kompetanse innan helse og omsorg. Ei overvekt av dei ledige har bakgrunn innan bygg og anlegg, reiseliv og handel. Eit misforhald som bidreg til å styrka NAV-direktøren si uro for ein ytterlegare auke i talet på langtidsledige utover hausten.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.