Utbygginga av Breidablikk-feltet i Nordsjøen vil bidra til å oppretthalda aktivitetsnivået på Sture-terminalen.

– Breidablikk-feltet er eit av dei største oljefunna på norsk sokkel som enno ikkje er utvikla, seier Geir Tungesvik, fungerende konserndirektør for Teknologi, prosjekter og boring hos Equinor i ei pressemelding.
Prosjektet vert fasa inn ein periode der Grane har fallande produksjon, og vil bidra til å oppretthalda aktivitetsnivået på plattforma og slik oppretthalda eksisterande sysselsetjing og behov for leveransar, melder Olje- og energidepartementet i ei pressemelding.
Equinor er operatør for feltet, på vegne av samarbeidspartnarane Petoro, Vår Energi og ConocoPhillips.
Den felles utbyggings- og driftsplanen oljeselskapa i dag har overlevert til Olje- og energidepartementet legg opp til investeringar på 18,6 milliardar kroner fram mot produksjonsstart i 2024. Planen er å henta opp kring 200 millionar fat olje frå Breidablikk-feltet.
Olja frå Breidablikk skal hentast opp ved hjelp av ei utbygging på havbotnen. 23 brønnar skal koplast mot mot fire botnrammer som igjen vert kopla opp mot Grane-plattforma.
Prosjektet legg dessutan opp til gjenbruk av eksisterande infrastruktur, mellom anna av den 212 kilometer lange røyrleidninga frå Grane-plattforma til Sture-terminalen der olja skal lagrast før utskiping.
Ågotnes er valt som lokasjon for service-organisasjonen i utbyggings- og driftsfasen.
-Breidablikk-utbygginga vil gje stor verdiskaping, skatteinntekter til fellesskapet og betydelege ringverknadar for verksemder og lokalsamfunn på fastlandet, seier olje- og energiminister Tina Bru.
To store kontraktar er alt tildelt. Til saman vil dei gje fleire hundre arbeidsplassar kringom i landet.
Les: Vurderte å fjernstyra Martin Linge frå Kollsnes