14 personar i Øygarden fekk i går bekrefta at dei har testa positivt på covid-19.

Etter at smittetala i Øygarden lenge har vore lågare enn i Bergen, kan det no sjå ut til at viruset for alvor har spreidd seg til bygdene våre.
Søndag fekk heile 14 innbyggjarar i kommunen bekrefta at dei har testa positivt på covid-19, ifølgje ei pressemelding frå Øygarden kommune.
Ein av dei smitta er elev på 2. trinnet på Stranda skule. For å hindra spreiing er heile årstrinnet, totalt 56 elevar, sett i karantene, seier rektor Svein-Ove Hammersland til kommunen si heimeside.
Også 8. trinnet på Sund ungdomsskule er sett i karantene, i påvente av svar på testar. Her er det sterk mistanke om smitte hos ein elev.
Elevane i førsteklassen på Knappskog skule kan samstundes gleda seg over at karantenen no er oppheva, etter at eleven det var mistanke om kunne vera sjuk, testa negativt.
Prøvesvara som kom søndag skriv seg hovudsakleg frå testar tekne 24. september, seier smittevernlege Jens Eikås.
Totalt var det søndag kveld påvist corona-19 smitte hos 105 innbyggjarar i Øygarden, melder Øygarden kommune.