Fire institusjonar i Øygarden vil frå og med i kveld innføra restriksjonar for besøk til bebuarane.

Det opplyser Øygarden kommune i ei pressemelding.
Dei fire institusjonane er:
*Sundheimen
*Fjell sjukeheim på Straume
*Institusjonsplassane ved Øygarden lokalmedisinske senter, og
*Tednebakkane omsorgssenter på Rong
Tiltaket er innført avdi det er auka smitte i regionen, og at det er ein reell fåre for at det kan koma smitte inn på institusjonane, seier smittevernlege Jens Eikås til kommunen si heimeside.
– Vi vil framfor alt unngå å få smitte inn på institusjonar. Difor har vi kome til at det må innførast besøksrestriksjonar på dei fire institusjonane inntil vidare, seier Eikås.
Pårørande som lurer på kva for restriksjonar som gjeld på dei ulike institusjonane, kan få informasjon ved å henvenda seg direkte til institusjonane.
Ingen sjukeheimsbebuarar skal likevel behøva tilbringa sine siste dagar i isolasjon. Ved alvorleg sjukdom hos bebuar er det høve til å avtala besøk, ifølgje meldinga frå kommunen.
Besøksrestriksjonane vert innført på grunnlag av faglege råd, ifølgje ordførar Tom Georg Indrevik.
– Vi har hatt auke i talet på smitta den siste tida, men vi har oversikt over situasjonen. Vi vil vurdera situasjonen og tiltaka fortløpande, seier Indrevik.