Lojaliteten til Regjeringa overkjørte hjarterommet

Krisa i Moria-leiren appellerer ikkje til hjarterommet i kommunestyret i Øygarden. Fyrtårnet i vest vil ikkje ta mot fleire flyktningar dette året enn det som alt er vedteke.

Rysta over kommunestyret si haldninga til å ta i mot flyktningar frå Moria. Marianne Sandahl Bjorøy (A).

Arbeiderpartiet, SV, MDG og Rødt klarte ikkje få fleirtal i kommunestyret for forslaget om å henta 50 flyktningar frå Moria-leiren til Øygarden i år.

Les: -Dette klarar vi

-Øygarden har ubrukte midlar til å ta mot flyktningar i 2020. Vi har alt vedteke å ta mot 28 flyktningar dette året. Så langt har vi berre teke mot sju. Manko i 2020 er på 21 stykker. Inndekning for desse 50 flyktningane frå Moria-leiren klarar vi å finna. Dette er ei humanitær krise. La oss visa at Øygarden er rausare enn Arbeiderpartiet sentralt, og ta mot ei samla gruppe på 50 personar frå Moria. Dei tidlegare kommunane har vist at vi kan integrera flyktningar i øyriket vårt. I Moria er det mange foreldrelause born. Håpar vi her kan visa at vi har hjarterom til å ta mot dei, opna Espen Cornell Jacobsen (A) diskusjonen då oversendingssaka frå Utval frå tenester og levekår kom opp heilt på tampen av møtet, medan klokka tikka ned mot innføring av nye og strengare korona-reglar klokka 18.

Lojal mot Regjeringa
Vidar Klepsvik (KrF) forstår Arbeiderpartiet sitt engasjement. I KrF ønskjer dei å ha  hjarterom for fleire flyktningar. Men sidan KrF er med i Regjeringa ønskjer lokalpartiet likevel å vera lojal mot Regjeringa si avgjerd om å avgrensa mottaket frå den brannherja Moria-leiren til 50 personar.

-Om Regjeringa vedtek å ta mot fleire, håpar vi at vår kommune kan vera med å ta mot fleire, sa Klepsvik.

28 er nok
I FrP var haldninga ei heilt anna: -Øygarden kommune har alt påteke seg å ta mot 28 flyktningar, mot FrP sine røyster. FrP ønskjer ikkje å vera med å ta mot fleire, sa Kristin B. Jacobsen (Frp).

Ho argumenterte med at kommunen er i ein anstrengt økonomisk situasjon og at han alt slit med å utføra lovpålagte tenester. Dessutan er det mange andre kommunar kringom i landet som alt har vist interesse for å ta mot flyktningar frå Moria.

-Kommunestyret i Øygarden har alt påteke seg å ta mot 28 flyktningar. La det bli med det, avslutta FrP-leiaren.

Vår del av ansvaret
-Øygarden er ein del av ei global verd. Vi skal ta vår del av ansvaret for det som skjer i Europa, innvende Maria Thomassen (MDG).

-Øygarden er klar til å ta mot. Vi har sagt vi skal ta vår del, men til no har det kome veldig få, supplerte Ernst M. Einarsen (H).

Vi treng flyktningane

Håpar det kjem flyktningar til Øygarden, for det treng vi. Nestleiar Ernst Morten Einarsen (H)  i utval for teneste og levekår.

-Vi skal ta mot, om det kjem flyktningar til Norge. Og det får vi håpa at det gjer, for det treng vi. Om det ikkje er kommunar som er villig til å ta mot 150 til saman, skal vi ta dei overflødige, avslutta leiaren for utval for tenester og levekår.

Raudt og Nils Sæle var mest oppteken av at Øygarden skal vera eit fyrtårn. Eit fyrtårn kan visa veg, men det kan og vera eit håp. Vi bør visa at vi kan vera eit håp, at vi støttar forslaget om å ta mot 50 flyktningar, sa Sæle.

Treng utgreiing
Nina Glesnes (SotraLista)  ser dei praktiske utfordringane i å ta mot så mange på kort varsel: Kommunestyret har alt vedteke ta mot 28 flyktningar i år. Det er ingen grunn til å stilla spørsmål ved kvifor det ikkje har kome så mange. Dei kjem oftast i slutten av året. Øygarden kan sikkert ta mot 50 til, men vi kan ikkje gjera det på grunnlag av eit oversendingsforslag. Då må vi ha ei utgreiing. Eg tvilar på om vi har ressursar ta i mot 50 til. Om vi skal gjera det, treng vi ei utgreing frå administrasjonen.

– Dette ei humanitær krise. Difor bør vi ta mot 50 til. Vi har vist at vi er ein ja-kommune. Vi har vist at vi kan snu oss rundt og ta mot 50 på ei veke. Det viste vi på Ågotnes, innvende Espen Cornell Jacobsen.

-Eg antek at desse flyktningane er sjuke. Dei har site i leir ei tid, svara Glesnes.

Opportunt?

Svein Otto Jacobsen


-Det er opportunt å seia at vi skal ta mot flyktningar frå Moria. Dei er vist på tv. Er det dei som treng hjelpa mest? Det er mange leirar som er langt verre verre. Dessutan har vi 2000 i Norge som ventar på utplassering. Vi bør konsentrera oss om dei vi alt har og ikkje ta mot fleire enn det vi klarar svelga unna. Kanskje bør vi byrja å hjelpa fleire der dei er. Då kan vi hjelpa langt fleire, hevda Svein Otto Jacobsen.

-Eg er rysta. Dette er ein leir som er brent ned. Med denne haldninga, håpar eg at eg aldri får behov for hjelp, konkluderte Marianne Sandahl Bjorøy (A).

-Vi veit det sit folk i den leiren som er flydd ut frå Norge, og som er på sin andre eller tredje ferd mot Europa, hevda Svein Otto Jacobsen.

Silvia Haugland runda av debatten. -Frå mitt syn er denne saka framleis på nasjonalt nivå. Eg er ikkje i tvil om at dersom vi seinare får ei oppfordring om å ta mot fleire, så vil vi gjera det. 

 

 

 

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.