Skal motverka einsemd mellom eldre

Dei eldre skal ikkje isolerast under koronaen. Øygarden får 1,6 millionar til tiltak som kan motverka einsemd, sørgja for meir aktivitet og fleire besøk.

Dei frivillige organisasjonane vil spela ei viktig rolle i å bidra til at eldre unngår isolasjon, og at dei held seg i aktivitet, seier leiar Kristin B. Jacobsen i Øygarden Frp.

Pengane er ein del av ein pakke på 400 millionar som vart sett av til føremålet i budsjettforliket på Stortinget i vår, melder FrP i ei pressemelding.

Sårbare eldre
-Pengane kjem i ei tid der eldre er svært sårbare for einsemd og isolasjon, seier stortingsrepresentant Silje Hjemdal (FrP), som var med på å forhandla fram forliket.

-Einsemd er eit stort problem mellom eldre, noko som har blitt forsterka siste året, samstemmer leiar Kristin B. Jacobsen i lokalpartiet i Øygarden.

Aktivitet og besøk
Av summen på 1,6 millionar kroner skal 900.000 nyttast til tiltak som kan bidra til at dei eldre kjem meir i aktivitet. Det skal og leggjast tilrette for at eldre i omsorgsbustadar og på sjukeheimane får fleire besøk, utan at smittevernet vert svekka, fortel Jacobsen.

700.00 skal nyttast til aktivitetar som kan motverka einsemd. Det skal mellom anna utgreiast behov for ein dementkafe, etablering av lokale møtestadar og transportløysingar.

Frivillig sektor
Jacobsen er glad for dei mange prosjekta frivillige organisasjonar har kome opp med, og for at pengane skal nyttast til tiltak som skal fremja kontakt mellom eldre og ungdom i frivillige organisasjonar. 

-Dette viser kor viktig samspelet mellom kommunane og frivillig sektor er, seier Jacobsen. 

.

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.