Sotra Sportsklubb sin bortekamp mot Levanger laurdag er utsett på grunn av korona.
Smittesporing og karantene for personar som har hatt nærkontakt med smitta, er eit viktig element i kampen mot korona. Siste dagane har to øygardsstrilar med påvist smitte sendt til saman 53 personar i karantene, melder Øygarden kommune.
Sotra Sportsklubb er ein av dei organisasjonane i kommunen som sterkast får merka konsekvensane.
Heile 2. divisjon herrelaget til Sotra Sportsklubb, saman med fem personar frå støtte- og trenarapparatet er i karantene fram til 29. september, etter at ein person i trenar- og støtteapparatet har testa postitivt.
Ved Stranda barnehage er 14 ungar og seks vaksne med adresse i Øygarden sendt i karantene etter at ein vaksen med tilknyting til barnehagen i går fekk påvist smitte.
Åtte andre personar er også i karantene som følgje av smitteverntiltaka i kommunen..