Lovar støtte til Northern Lights

Regjeringa har ein plan for korleis dei vil støtta fangst, transport og lagring av CO2. 

Statsminister Erna Solberg og Regjeringa lovar støtte til gjennomføringa av planen om transport av flytande CO2 til Kollsnes og lagring under havbotnen i Nordsjøen.

Statsminister Erna Solberg har i dag meldt Stortinget korleis Norge kan bidra til å må måla i Paris-avtalen gjennom fangst, transport og lagring av CO2 under havbotnen.

Norcem sitt fabrikkanlegg vert i første omgang det einaste der Regjeringa vil støtta fangst av CO2. Om Fortum Varme sitt avfallsanlegg i Oslo seinare skal få same teknologien, er det eit vilkår at prosjektet først skaffar nok finansiering, heiter det i pressemeldinga frå Regjeringa.

-For at prosjektet skal verta ein klimasuksess for framtida, må og andre land ta teknologien i bruk. Det er ein av grunnane til at vi stiller krav om at andre også skal bidra økonomisk, seier Solberg.

Prosjektet, som Regjeringa har døpt Langskip, omfattar og støtte til transport- og lagringstiltaket Northern Lights ved Kollsnesanlegget.

Les: Skal CO2-handtering løna seg må kvoteprisen doblast

-Med Langskip byggjer vi ny infrastruktur, og vi legg til rette for å knytte andre CO2-fangstanlegg til eit CO2-lager i Noreg. Dette er klimapolitikk som fungerer, seier olje- og energiminister Tina Bru.

Noreg har forplikta seg til å kutte klimagassutsleppa med 50-55 prosent innan 2030. 

– For at verda skal nå måla vi har forplikta oss til i Parisavtalen, må vi fange og lagre CO2 i stort omfang, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn. 

-CO2-fangst og -lagring den einaste teknologien som kan kutte utsleppa, legg Rotevatn til.

Samla investeringar for Langskip er anslått til å vere 17,1 milliardar kroner. Summen inkluderer både Norcem, Fortum Oslo Varme og Northern Lights. Driftskostnader for ti års drift er anslått til 8 milliardar kroner. Samla kostnadsanslag er dermed på 25,1 milliardar kroner. Langskip får statsstøtte i tråd med framforhandla avtalar. Staten sin del av desse kostnadene er anslått til 16,8 milliardar kroner.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.