Høgreregjeringa tek større andel av inntektene frå oppdrettsnæringa. Det tapar Øygarden stort på.

Øygarden kommune vil tapa 33 millionar kroner i år og neste år som følgje av Regjeringa si omlegginga av tildelingane frå Havbruksfondet. Det har Troms og Finnmark fylkeskommune rekna ut, på bakgrunn av innbetalingane til fondet dette året, ifølgje Klassekampen.
I 2018 fekk dåverande Fjell, Sund og Øygarden til saman heile 41,2 millionar gjennom Havbruksfondet. Pengane fekk kommunane for å leggja til rette for nye og større oppdrettsanlegg mellom holmar og skjer.
Pengane frå Havbruksfondet kom godt med på stramme kommunebudsjett. Tildelinga frå fondet dobla overskotet på kommunebudsjettet i Sund i 2018. Dette året fekk kommunen tilbakeført heile 70 prosent av inntektene frå auksjonen av nye oppdrettskonsesjonar som skulle lokaliserast innanfor kommunegrensa.
Heretter tek Staten 60 prosent av inntektene. Fordelinga vart endra etter at Høgreregjeringa i vår fekk fleirtal i Stortinget for å redusera kommunane sin andel av inntektene frå 70 til 40 prosent. Då tørkar pengestraumen til kommunane inn.
Tapar mest
Øygarden er ein kommunane i Vestland som vil tapa mest. Austevoll vil tapa like mykje som Øygarden. Mest merkbart vert inntektsreduksjonen likevel i Kinn, der dei ligg an til å mista 37 millionar.
Norske oppdrettskommunar vil tapa til saman 1,925 milliardar som konsekvens av omlegginga, har Troms og Finnmark fylkeskommune rekna ut. Verst går det ut over kommunane i nord, ifølgje Klassekampen.