Det vart ein feilslegen fisketur til Mauretania for seriegründaren frå Sotra.
(Saka er oppdatert.)

Seriegründarene i Einarsen-familien utforskar stadig nye inntektskjelder. Ein av Ove Norvald Einarsen sine mange roller var som dagleg leiar med 49 prosent eigarandel i Sen Havfiske inntil rederiet melde oppbud 19. august i år.
Med trålaren «Øygarden» skulle Einarsen og Sen Havfiske AS freista fiskelukka utanfor kysten av Mauretania i Vest Afrika.
Fartøyet fiska sardinella, makrell og hestmakrell utanfor kysten av Vest Afrika og var innom Gran Canaria for mannskapsbyte då det vart teke i arrest. Årsaka til arresten er at to av leverandørane av utstyr til fartøyet ikkje har fått oppgjer. Mannskapet skal dessutan ha uteståande krav på hyre, melder Fiskeribladet.no
Krava i buet utgjer ein stad mellom tre og fire millionar, ifølgje bustyrar advokat Gunnar Haahjem i advokatfirmaet Rasmussen & Broch.
Den 61 meter lange trålaren «Øygarden» var største verdien i det konkursråka Øygardsrederiet. DNB har 1. prioritet pant for 20 millionar kroner i fartøyet.
Ovanfor Fiskeribladet forklarar Einarsen konkursen som ein kombinasjon av store investeringar i oppgradering av trålaren, dårleg fiske og korona.
Aksjekapitalen i Sen Havfiske AS utgjorde 100.000 kroner.
«Øygarden» vart bygd som «Havmann» i 1986 og har seinare skifta eigar fleire gongar, ifølgje Fiskeribladet.
Konkurssaka skal opp i Bergen Tingrett neste månad.