Eit omfattande oppgraderingsprosjekt startar i desse dagar ved prosessanlegget på Kollsnes. Tiltaket har ei ramme på 400 millionar og vil generera 150 årsverk over ein toårs-periode.

For å redusera danninga av hydrat og korrosjon i røyrleidingane som fraktar norsk gass frå Kollsnes til forbrukarane i Europa, skal kapasiteten for regenerering av monoetylenglykol (MEG) aukast, har operatørselskapet Gassco avgjort.
Sandefjordverksemda Wood Group Norway AS har vunne konkurransen om hovudentreprisen på tiltaket og skal stå for prosjektering, anskaffelse, bygging og installasjon.
– Kollsnes er eit viktig anlegg i gassverdikjeden. Prosjektet vil bidra til å oppretthalda høge gassleveransar og regularitet på anlegget i eit langsiktig perspektiv. Prosjektet bidreg til å styrka forsyningstryggleiken til Europa, samtidig som det også har positive ringverknadar regionalt, seier Frode Leversund, administrerende direktør i Gassco, i ei pressemelding.
Verdien av den faste delen av kontrakten er stipulert til 400 millionar kroner. Arbeidet startar denne hausten og vert planlagt ferdig kring årskiftet 2022/2023. Oppgåva vil generera kring 150 årsverk gjennom perioden.
Fabrikasjon og bygging av dei tre modulane som vert omfatta av prosjektet vil skje hos underleverandøren Kværner ved Stord verft. Dei skal og utføra installasjonsarbeidet på Kollsnes.
Prosessanlegget på Kollsnes spelar ei viktig rolle for eksporten av gass til Europa frå norsk sokkel. Herifrå skjer 40 prosent av all norsk gasseksport. Anlegget tek mot gass frå felta Troll, Kvitebjørn, Visund og Fram, og kan behandla inntil 144,5 millionar standard kubikkmeter (Sm3) gass per dag. Anlegget vart opna i 1996.