Gjestekommentar: Vi tok imot dei og gav dei ein ny sjanse i livet sitt!

Er vi i stand til å fylgje opp den gode og humanistiske arven frå tidlegare flyktningekatastrofer og gje nokre av menneska frå Moria-leiren eit betre liv hos oss?

Av Mette Jacobsen, leiar Øygarden SV

Chilenarane som rømde frå tortur og terror under Pinochet sitt brutale regime. Dei kom i 80-åra utan at noko mottaksapparat enno var stabla på beina.

Bosniarane som rømte frå borgarkrig og naboar som ville drepa dei på 90-talet. Dei kom i bussar om natta, fulle av angst og traumar, og vart stua saman i eit provisorisk mottak på Toftarøy.

Afghanarar som rømde frå borgarkrig og represaliar frå Taliban. Dei fekk ein ny start i livet hos oss.
Sidan kom kongolesarar, sudanesarar og andre politisk forfulgte frå ulike afrikanske land. Vi ga dei ein ny sjanse i livet sitt.

Vi tok imot uiguarane som flykta frå både politisk og religiøs undertrykkjing og forfylgjing.
Dei siste som kom var syriske flyktningar som hadde overlevd ISIL, menneskesmuglarar og livsfarleg kryssing av Middelhavet .

Eg har snakka med nokre av desse tidlegare Sund-sokningane:
Ho som kom frå Bosnia og som seinare vart Ap-politikar i Sund sa: «Vi var traumatiserte og livredde, og mottaket på Toftarøy var ikkje i stand til å ta skikkeleg vare på oss. Men det viktigaste av alt var at de tok imot oss! Det skal vi aldri gløyme!

Den syriske jenta som etter et par år i sitt nye heimland kasta hijaben, vart aktiv i Sund SV. Ho gret då ho fortalde om venninna som mista spedbarnet sitt i bylgjene i Middelhavet. Ho sa fylgjande : Eg vart født på ny då eg kom hit! Ho sa at ho fekk ei så sterk kjensle av fridom at ho til og med ville endre fødselsdagen sin til den datoen ho sette fot på norsk jord for fyrste gong!

No gjeld det å hjelpe flyktningane frå den nedbrente Moira-leiren på Lesvos. Er vi i stand til å fylgje opp den gode og humanistiske arven frå tidlegare år og gje nokre av desse menneska eit betre liv hos oss?

Kommunen har lova å vere eit fyrtårn på mange område. Men då må det vere lys i lykta – ei lampe som gløde i mørket, og som gjev håp og von om at Øygarden kommune skal delta i det store europeiske dugnadsarbeidet for å hente ut sin del av flyktningane.

Mette Jacobsen
Leiar i Øygarden SV




Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.