Etablerer koronatelefon for Øygarden

Er du busett i Øygarden og har behov for å tinga koronatest? I så fall bør du ringa 56 16 00 10.

Øygarden kommune har etablert eigen koronatelefon.

Alle øygardsstrilar som har spørsmål kring korona, så som testing, symptom, karantene eller isolasjon, kan frå og med tirsdag morgon ringa fagekspertisen direkte på 56 16 00 10, melder Øygarden kommune i ei pressemelding.

Koronatelefonen vil vera open frå klokka 08.00 til 15.00 alle dagar, også laurdag og søndag.

Ved å etablera eit eige telefonnummer for dei som ønskjer å bestilla time for testing unngår ein at telefonkøen til Sotra legevakt vert unødvendig lang for dei som treng rask kontakt med helsepersonell. 

NB: Har du behov for legetilsyn, skal du framleis ringa Sotra legevakt på 116 117.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.