Fleire passeringar i bomringen, men sterkt reduserte inntekter. Snart kan det verta slutt på rabattordningar og gratispasseringar for elbilar.

I Askøy har dei merka problemstillinga lenge. Rapporten samferdselsminister Knut Arild Hareide i dag fekk overrekt bekreftar at det er all grunn til å vere skeptisk til inntektsutviklinga i samtlege bomringar kring storbyane komande tiåret.
Les: Skrur opp bompengane i Askøypakken
Same utviklinga vil skje i alle bynære strøk, også i Bergensområdet. Talet på elbilar vil auka og føra til at langt fleire elbilar vil passera bomstasjonane gratis eller til rabattert takst.
Konsekvensen vert at inntektene som skal finansiera vidare bybaneutbygging og tiltaka i byvekstpakken vert sterkt redusert. Med dagens ordning, med rabatter og gratispasseringer for elbilar, vil inntekta i bomringen i Bergen gå ned med kring 20 prosent innan 2030, ifølgje Menon Economics som har utarbeida rapporten.
Byvekstpakken for Bergensområdet, som vart vedteken like før nyttår, føreset bompengeinntekter frå bilistane på 11 milliardar kroner. Held ordninga fram som i dag, vil Statens vegvesen mangla 225 millionar kroner til å gjennomføra dei planlagte tiltaka i tiårsperioden. Dette trass i at talet på passeringar gjennom bomringen ser ut til å auka med heile 22 millionar.
Les: Klar til å signera byvekstavtalen
-Skal bompengeinntektene kunna oppretthaldast på dagens nivå, samtidig som elbilfordelane vert oppretthaldne, må takstane for bensin- og dieseldrevne køyretøy nær doblast fram mot 2030, hevdar rapporten.
Som mottiltak føreslår Menon Economics å avvikla dagens ordningar med fritak og reduserte takstar for elbiler i bompengeprosjekt. Å avvikla timesordning kan og verta aktuelt.
-Bompengetakstene generelt bør spegla dei kostnadene bilbruken påfører samfunnet, hevdar utvalet som har utarbeidd rapporten.
På lengre sikt kan det verta aktuelt å innføra vegprising. Ei ordning Hareide stiller seg positiv til å utgreia.
-Eg trur det er lurt å utgreia vegprising nærare, så får vi ta debatten om om korleis eit slikt system må innrettast slik at det fungere godt og at viktige element som personevern vert ivareteke, seier Hareide i ei pressemelding i samband med overrekkinga av rapporten.
Rapporten vil no verta sendt på høyring.
Du kan lasta ned heile rapporten frå Samferdsledepartementet si heimeside.