Ytterlegare ein person i Øygarden har testa positivt for korona.

Ved pandemi-legevakta har dei hatt det travelt siste veka. Kring 1.000 personar, eller 200 personar dagleg, er testa siste veka, ifølge ei pressemelding frå Øygarden kommune.
Det er dobbelt så mange som det beredskapsplanane lag opp til før ferien.
Les: Skal testa 500 øygardsstrilar i veka
Av dei er det berre ein som har testa positivt. Åtte personar er no i karantene som følgje av den positive testen. Helsepersonellet i kommunen har god kontroll på smittesporinga, ifølgje smittvernlege Jens Eikås.
-Det er førebels påvist lite smitte i Øygarden med tanke på at det vert testa om lag tusen personar i veka, konstaterer ordførar Tom Georg Indrevik. Ordføraren rosar dei tilsette som står i det viktige arbeidet.
Så langt har totalt 63 personar med adresse i Øygarden fått bekrefta smitte.