Kystkommunane er vinnarane i NHO sitt årlege kommune NM. Den nye storkommunen Øygarden rasar likevel nedover på kommunebarometeret.

Næringslivsorganisasjonen NHO gjennomfører årleg ei undersøking av kva dei meinar er dei mest attraktive kommunane i landet – sett frå næringslivet sin ståstad, vel å merka.
Les: Grunnleggjande ueininge om kommuneøkonomien
19 måleparametre
På oversikten for 2019, som vart offentleggjort i dag, Øygarden havnar på ein 49. plass. I Vestland havnar kommunen på ein 7. plass. Då er den lokale vekstkrafta vurdert ut frå 19 ulike parametre på områda næringsliv, arbeidsmarked, demografi, kompetanse og kommunal økonomi.
Svekka omdøme
NHO var ein av pådrivarane for kommunesamanslåinga. Omdømet til Nye Øygarden kommune er likevel svekka samanlikna med korleis den mest folkerikaste delen av den nye kommunen kom ut i tilsvarande kåringar tidlegare år.
Før kommunesamanslåinga pleide tidlegare Fjell å koma svært godt ut i den nasjonale samanlikninga som har ein skeivheit i retning urbane kvalitetar. Sund og Øygarden låg vanlegvis eit godt stykke nede på lista.
Les: NHO har talt
Austevoll og Sola på topp
På topp i Vestland dette året kjem Austevoll, som vert rangert som nummer fire i nasjonal samanhang. Bergen (7) og Sogndal (18) følgjer på dei neste plassane.
Den mest attraktive kommunen i landet var Sola, tett følgt av Bærum og Oslo.
Du kan studera detaljane i undersøkinga på NHO sine heimesider.
Regionkonkurransen
Samanliknar vi med dei øvrige storkommunane kring Bergen, kjem Øygarden likevel bra ut. Bjørnafjorden har kapra plassen like framfor Øygarden, både lokalt og nasjonalt. Alver ligg på 13 plass i Vestland, og på 69. plass nasjonalt. Askøy kjem på ein 15 plass av dei 43 kommunane i Vestland, og på 79. plass i landssamanhang.
Også Stord og Bømlo kjem betre ut enn Øygarden i denne ferskaste målinga frå NHO.