Gjestekommentar: Eit rop om hjelp – vær med og demonstrer for folket i Kongo

Medan folk i Kongo lir og landet vert rana, berre aukar etterspurnaden etter kobolt, coltan og tinn til elbilar og smarttelefonar.

Saka er oppdatert.
Av Symphorien Pombe og Sverre Bungum

Som eit resultat av ein verdsomspennande kampanje vert Denis Mukwege og familien hans nå verna av FN-soldater på Panzi-sykehuset.  Denis Mukwege er i trygge hender no og held fram med arbeidet. Det er ikkje aktuelt med demonstrasjonar no. Men kampen er ikkje over. FN må etablere ein internasjonal domstol for den sokalla demokratiske republikken Kongo før vi gjev oss.

I 2018 fekk Denis Mukwege Nobels fredspris. (som han delte med Nadia Murad). Han er gynekolog på Panzi-sjukehuset i Bukavu aust i Den demokratiske republikken Kongo.(såkalla). Dette er området der jakta på dei verdfulle minerala har ført med seg invasjon frå Rwanda, væpna konfliktar, overgrep på barn og kvinner, valdtekt og barnearbeid og slaveri i gruvene. Talet på massakrerte må teljast i millionar.

Gynekologen Mukwege har vore særleg oppteken av å hjelpe kvinner som har vore offer for seksualisert vald brukt som våpen i dei væpna konfliktane i Aust-Kongo. Han har lenge levd med drapstruslar.

I mange år har han prøvd å få det internasjonale samfunnet til å ta dei blodige konfliktane på alvor. Meir enn noko ønskjer han ein internasjonal domstol som kan dømme dei ansvarlege. Norge gav han ein fortent fredspris. Men no fortel han at ingenting er forandra i Aust-Kongo. Alt er like ille. Og medan folk lir og landet vert rana, så berre aukar etterspurnaden etter kobolt, coltan og tinn. Vi treng desse metalla til elbilar og smarttelefonar.

Og Mukwege mottek drapstruslar mest dagleg.

Kongo har lidd nok. Det internasjonale samfunnet har svikta lenge nok. Under fredsprisutdelinga i 2018 høyrde vi store ord frå norske politikarar. Var fredsprisen berre avlat?

Les: Gjestekommentar: Mineraler og elektrifisering

No er det heilt stille. Kor er regjeringa? Kor er Stortinget? Kor er Nobelinstituttet? Og ikkje minst, kor er media?

Skal vi halde fram med å ta i mot kobolt til eigen luksus frå blodige barnehender?

I Brussel kan vi i dag på nokre offentlege bygningar sjå store bilete av Mukwege. Slike treng vi også i Norge. Det kan minne oss om det som skjer i Aust-Kongo og ansvaret vi burde kjenne på som nasjon. Det kunne vere ein start, ei utfordring til Nobelinstituttet, Raftostiftelsen og Amnesty International Norge.

Og kom ikkje med varme kondolansar når fredslegen er drepen. Det er no han treng støtte, han og alle som følgjer han.

Symphorien Pombe leia studentopprøret mot okkupasjon og overgrep i Bukavu der han studerte. Etter lang tid med trakassering og tortur måtte han rømme landet. Han bur no i Telavåg og sit i kommunestyre og fylkesting.

Vi er innstilte på å invitere til demonstrasjonar dersom Norge ikkje vaknar.






Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.