Startar monteringa før jul

Dagsturhytta ved Larslivatnet på Litle Sotra vert den einaste i Øygarden.

Alle dagsturhyttene vert bygd etter same teikningen. Denne står i Fjaler. Foto: Vestland-fylkeskommune/ Ingeborg-Opdøhl-Tysnes.

Ei dagsturhytte er eit lågterskeltilbod til turgåarar. Ei hytte på kring 15 kvadratmeter der du kan går inn og eta matpakka di, få att varmen og bla i bøker. Etter at alle kommunane i tidlegare Sogn og Fjordana har fått sine hytter er det no kommunane i Hordaland sin tur.

Monteringa av dagsturhytta ved Larslivatnet, skal etter planen starta i midten av desember, ifølgje ei melding frå Vestland fylkeskommune.

Les: Vil ha dagsturhytte i Foldnesmarka

Einaste i Øygarden
Utplasseringa av dagsturhyttene starta før kommunesamanslåinga og følgjer dei gamle kommunegrensene. Einskilde av dei nye storkommunane, som Bjørnafjorden og Alver, vil difor få fleire hytter. Då verken Sund eller gamle Øygarden melde seg på prosjektet, vil Øygarden berre få ei dagsturhytte. Heller ikkje Askøy deltek i ordninga, ifølgje meldinga frå fylkeskommunen.

Lokalisert ved Larslivatnet, langsmed kyrkjevegen frå Foldnes til Hjelteryggen, vil einaste dagsturhytta i Øygarden, verta eit sentralt utgangspunkt for utforsking av det uoppdaga turparadiset i utmarka på nordre delen av Litle Sotra.

Les: Helgeturen: Eit uoppdaga tureldorado

Modulbasert
Alle hyttene vert laga etter ein felles teikning, og bygde som modular i verkstadhallen til Stad Kystbygg. Modulane vet deretter frakta til byggjeplassen med båt, lastebil eller helikopter og monterte saman på staden.

Standardutstyr
Dagsturhyttene i Hordaland vil byggja vidare på erfaringane frå nabofylket i nord. Det innvendige rommet i desse hyttene vil vera kring 1,5 kvadratmeter større enn dei første. Detaljar som tidlegare vart rekna som tilleggsutstyr er no blitt standard. Det gjeld til dømes utstyrslager, vedomn, solcellepanel, skohylle, lys og fleire ventilar, ifølgje prosjektleiar Atle Skrede.

Identitetsmarkør
-Det er full fart framover i dette prosjektet, og det er kjekt. Vi får på plass tolv hytter i det første leveåret til Vestland fylkeskommune om alt går etter planen no i haust. Dagsturhyttene er ein identitetsmarkør – noko vi som bur i Vestland har felles. Eg håpar hyttene kan bli ein del av vestlandsidentiteten, seier leiar for styringsgruppa for dagsturprosjektet, og fylkestingsrepresentant (Sp) Alexander Fosse Andersen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.