Stengjer apotek på grunn av kronona

Apotek 1 i Sartor Helsehus på Straume er stengt etter at ein av dei tilsette har testa positivt på korona.

Fire andre tilsette ved apoteket er i karantene, melder Øygarden kommune i ei pressemelding. 

Det er lite truleg at nokon av kundane på apoteket har vore utsette for smitte, seier assisterande smittevernlege Bjørg Møllerløkken til kommunen si heimeside.

Apoteket vil halda stengt til over helga.

I helga vil apoteklokala verta smittevaska. Mandag 7. september vil apoteket vera ope og i drift att med personale frå andre apotek i Apotek 1-kjeden, ifølgje regionsjef i Apotek 1, Hans Olav Monsen-Neteland.

Til saman er 19 personar i karantene i tilknyting til smittetilfellet ved apoteket.

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.