14 tilsette koronasmitta

Verksemda Maritime Construction Solutions AS (MCS) stengjer produksjonen etter at 14 av dei tilsette har testa positivt for korona.

-Det var nødvendig og rett av bedrifta å stengja ned drifta for å få kontroll på situasjonen, seier smittevernlege Jens Eikås i Øygarden.

Det melder Øygarden kommune på heimesida si.

Maritime Construction Solutions AS har stengd ned drifta av avdelingane på Straume og i Laksevåg.

Til saman 14 av dei 82 tilsette har til no testa positivt. Av dei er 11 utanlandske arbeidstakarar, ein er heimehøyrande i Øygarden og to er busette i Bergen.

Totalt er 32 av dei tilsette testa. Nokre av dei to gongar. 

Smittevernlege Jens Eikås i Øygardne rosar leiinga i MSC for å stengja ned verksemda så raskt som dei gjorde.

– Dette er gjort fordi ein del av dei tilsette bur nær kvarandre og for å sikra oss oversikt over smittesituasjonen. Det var nødvendig og rett av bedrifta å stengja ned drifta for å få kontroll på situasjonen, seier Eikås.

– Etter kvart som resultata frå testinga førelåg, viste det seg at fleire var positive utan å ha symptom. Difor valde vi å stengja all produksjon på Straume før helga, og alle dei tilsette vart sende heim. Vi såg det også som nødvendig å stengja drifta på Laksevåg, seier dagleg leiar Ingolf Midttveit i MSC.

Midtveit ser fram til at dei første arbeidstakarane om nokre dagar er ute av karantene, slik at dei gradvis kan byrja å trappa opp att produksjonen.

MCS driv med konstruksjon av stål, røyr og overflatebehandling av metall. Dei som arbeider med aluminium på Straume er lite involvert med dei som arbeider med stål på Laksevåg. Dei tilsette har norsk og rumensk bakgrunn, ifølgje heimesida til Øygarden kommune.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.