Øygarden er rik på stadar der ein turgåar kan nyta sola gå ned i havet. Ein stad er lettare tilgjengeleg enn dei fleste andre.
Stadig fleire av oss øygardsstrilar tek turen ut i kveldinga for å få med oss solnedgangen. Å sjå sola gå ned i havet ein seinsommarkveld gjev oss ei kjensle av kvar vi høyrer til.
I motsetnad til mange andre av dei lokale utkikkspunkta i utmarka ligg Turøyvarden lett tilgjengeleg berre ein 10 minutters gange frå hovudvegen. Du kan med andre ord få med deg solnedgangen og rekka ned att i god tid før det vert mørkt.

Turøyvarden er eit gammalt sjømerke. Fem meter høg, plassert på høgaste punktet på Turøy, ligg den tjørebreidde steinvarden utsett til i nordavinden og godt synleg for dei som kjem siglande over Nordsjøen, og ei markering av seglingsleia inn til Bergen.

Den noverande varden vart reist i 1896, truleg utanpå ein langt eldre og noko mindre varde. Han er no freda av Riksantikvaren.
One thought on “Opplev Turøyvarden i solnedgang”