Det var 110 færre arbeidssøkjarar i Øygarden ved utgangen av august enn ein månad tidlegare.
Nedgangen i arbeidsløysa held fram, men i saktare tempo enn før sommaren, seier direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes, i ei pressemelding.
Til saman er no 1.654 øygardsstrilar registrerte som arbeidssøkjarar. Det er 110 færre enn ved utgangen av juli, men heile 406 fleire enn på same tid i fjor.
Talet inneber at Øygarden ved utgangen av august har ei registrert arbeidsløyse på 5 prosent, ifølgje NAV. Øygarden er dermed den kommunen i Vestland som har nest høgast arbeidsløyse, nest etter Austrheim.
Langt dei fleste av arbeidssøkjarane i Øygarden, 982 av dei, er heilt ledige. 590 er delvis ledige og 82 går på ulike tiltak.
Heile er 612 øygardsstrilar er framleis permitterte. Denne veka opna Regjeringa for å forlenga ordninga med permitteringar. Dette gjer at dei i NAV er urolege for utviklinga utover hausten.
– Dei verksemdene som har permittert, men no har høve til å ta inn sine medarbeidarar,
bør gjere det no. Vi må halde økonomien i gong, og hugse på at det framleis er ein
dugnad. Eg håpar flest mogeleg har høve til å ta dei tilsette tilbake, sjølv om
permitteringsordninga no er utvida.
– Vi venter at talet på langtidsledige vil auke framover, og det er bekymringsfullt. Vi veit
at jo lenger ein går ledig, jo vanskelegare blir det å kome tilbake i arbeidslivet, seier
Bogsnes.