Fire personar frå eitt og same arbeidslaget har fått konstatert korona dei siste dagane.
Tirsdag denne veka vart det klart at ein utanlandsk statsborgar som for tida arbeider i Øygarden kommune hadde testa positivt for korona. Vedkomande vart lagt inn på Haukeland til behandling. Han er no utskriven, men framleis i isolasjon, melder Øygarden kommune i ei pressemelding.
Samstundes som han vart innlagt, vart ti av arbeidskollegaene hans testa og sett i karantene. I dag er det klart at ytterlegare tre personar i same arbeidslaget også testar positivt.
Då dei tre siste alt var i karantene, fører dei nye smitte-tilfella ikkje til at fleire personar må i isolasjon.
Så langt har 57 personar med adresse i Øygarden kommune testa postivit for korona.