Folkeveksten berga av «heimeproduksjon»

Fødselsoverskotet på 69 personar var viktigaste forklaringa på folkeveksten i Øygarden i 2. kvartal.

 Det vert lenge til dei nye innbyggjarane i Øygarden kan setja fart på på festlege arrangement i kommunen. Arkivbilete frå Sykkel-VM i 2017.

Etter seks månadar har talet på innbyggjarar i den nye storkommunen auka med 168 personar. 75 av dei kom til i månadane april – juni, og av dei var heile 69 resultat av «heimeproduksjon», kjem det fram av SSB sin sist oppdaterte statistikk over folkeveksten.

Både innvandring frå utlandet og innanldndsk tilflytting vart sterkt redusert i koronamånadane. Nesten like mange flytta vekk som flytta til kommunen. Netto innflytting til vekstkommunen vestom Sotrabrua var på beskjedne 6 personar. 

Det er no 38.484 innbyggjarar i Øygarden.

Den beskjedne folkeauken til trass, Øygarden er den av nabokommunane til Bergen med sterkaste folkeveksten ette seks månadar i 2020. Nærast kom Alver, med 101 personar, Sakøy med 83 personar og Bjørnafjorden med 67.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.