Øygarden vert ein av vinnarane i konkurransen om framtidig folkevekst. Tilbod om utdanning og jobbar vil trekkja stadig fleire nordmenn til bynære strøk frå distriktskommunane.

I vekstkommunen Øygarden har vi vent oss til ein sterk folkevekst. Også i åra fram mot 2050 vil Øygarden vera ein av vinnarane i konkurransen om framtidig tilflytting. Vi kan likevel forventa at fjorårets vekst på beskjedne 0,5 prosent kan koma til å framstå som det normale i åra framover, kjem det fram av SSB sin oppdaterte prognose.
Forventningane er no vesentleg lågare enn for berre få år sidan.
Les: 52.300 øygardsstrilar i 2040?
Ein vinnar
Folkeveksten i Øygarden vil verta sterkare enn på Askøy, men noko svakare enn i Bjørnafjorden, spår SSB på grunnlag av utviklinga siste tiåra.
Den nye storkommunen hadde ved årskiftet 38.316 innbyggjarar – knappe 200 fleire enn det samla innbyggjartalet i Fjell, Sund og Øygarden 12 månadar tidlegare.
Les: -Vi må skapa fleire arbeidsplassar
Om 30 år, altså i 2050, vil talet på øygardsstrilar ha auka til 46.696, spår talknusarane i den statlege statistikk-produsenten. Ein folkeauke på 8.380 tilseier ein vekst på 21,9 prosent gjennom heile perioden, – dobbelt så mykje som i Norge sett under eitt.
Fordelt over heile perioden vil det tilsvara ein vekst på 279 personar årleg, i snitt.
Stor usikkerhet
Tala over tilsvarar det sokalla hovudalternativet for den framskrivne folketalsveksten. Mykje kan skje som kan endra biletet. Usikkerheten omkring utviklinga er stor. Klarar vi skaffa rikeleg med nye, interessante arbeidsplassar til dømes, kan innbyggjartalet i kommunen koma til å utgjera heile 51.298 personar i 2050.
Snur utviklinga motsett veg, kan folkeveksten gjennom heile perioden koma til å krympa til beskjedne 3.457 personar. Men sjølv lågalternativet med ein vekst på ni prosent er langt over det fleritalet av norske ordførarar kan drøyma om.
Mange ungar
Høgare fruktbarheit enn i dei fleste andre kommunar er ein av årsakane til at Øygarden vil veksa. Kommunen har ein overvekt av unge innbyggjarar, og kvar kvinne i fruktbar alder vil få fleire born, spår SSB. Talet på levande fødde ungar per kvinne vil auka frå gjennomsnittleg 1,72 dette året, til 1,99 i 2050.
Fleire seniorar
Samstundes lever vi lenger. Levealderen for både kvinner og menn vil auka med kring fem år. Kvinnene vil kunna forventa å feira 90-årsdagen og vel så det. Menn vil kunna forventa å fylla 87.
Talet på seniorar 70+ i kommunen vil nærast tredoblast, og vil i 2050 ha passert 9.500.
Auka press
Auka levealder er positivt for dei det gjeld, men vil medføra auka press dei kommunale tenestene og finansieringa av tenestetilbodet. Medan det i dag er nærare fire lønsmottakarar i Øygarden for kvar eldre, vil forsørgjarbrøken ha blitt halvvert innan 2050.
Prognoser for framtidig folkevekst er ein av nøkkelfaktorane i kommunal planlegging. Her har politikarane i Øygarden fått noko å tenkja på i arbeidet med ny kommuneplan.
One thought on “Fjoråret kan verta den nye normalen for folkevekst”