-Skremmande at ung kollega vart knivtruga på jobb

Sotrakvinna Brith Ediassen var på jobb på Bergen legevakt då ein ung kvinneleg kollega vart truga med kniv like utanfor personalinngangen. 

-Ei skremmande oppleving, særleg sidan det hende like ved personalinngangen, seier Venstre-politikaren Brith Ediassen. Ho var på jobb på Bergen legevakt då ei ung kvinne truga fleire personar med kniv like utanfor arbeidsstaden.

To personar vart lettare skadde, melde Bergens Tidende tidlegare. No melder NRK.no at ingen vart fysisk skadde.

Ei av dei  som vart knivtruga var ein ung, kvinneleg kollega av Ediassen.

Vart sett
– Hendinga vart sett frå innsida og alarmen gjekk svært raskt, seier Ediassen som sjølv ikkje overvar knivstikkinga.

Ediassen er svært glad for at det verkar som om den unge kollegaren berre fekk mindre alvorlege skader.

Vel heime att frå den dramatiske hendiga rosar ho Politiet for å ha kome  svært raskt til åstaden. Kvinna som truga med kniv er no arrestert, ifølgje NRK.

Ikkje uvanleg
Å verta møtt med verbale truslar på arbeidsplassen er slett ikkje noko uvanleg oppleving for dei tilsette ved Bergen legevakt. Valdelege åtak har skjedd også tidlegare, men heldigvis går det lang tid mellom kvar gong personalet vert usett for fysiske åtak frå ustabile personar, seier Ediassen.

Ikkje skremt
-Nei, eg er ikkje skremt ved tanken på å gå på jobb i morgon. Slik kan ein ikkje tenkja. Ustabile personar kan ein treffa på nær sagt kvar som helst, seier Ediassen.

Ho karakteriserer den interne sikringa i bygget som god, med sikring av dører og krav om adgangskort. Utandørs er det derimot færre tryggingstiltak.

-Det er naturleg å sjå på dei eksterne tryggleikstiltaka i etterkant av denne hendinga, særleg sidan dette skjedde like ved personalinngangen, varslar Ediassen som er tidlegare tillitsvald for dei merkantilt tilsette.












Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.