Stor reduksjon i talet på delvis ledige

I feriemånaden juli er talet på delvis ledige i Øygarden redusert med nærare ein tredel. Samstundes har det skjedd ein svak auke i talet på heilt ledige.

Den store nedgangen i talet på delvis ledige er det mest markante endringa i arbeidsmarknaden i Øygarden i juli.

Totalt 1.764 øygardsstrilar er ved utgangen av feriemånaden juli registrerte som arbeidssøkjarar hos NAV. Det er 274 færre enn for berre ein månad sidan. 

Utviklinga i juli tilseier at det har vore ein svak auke i talet på heilt ledige, frå 1.052 til 1.071 personar.

Ein svak auke i juli månad er ikkje uvanleg, seier fungerande direktør for NAV Vestland, Bjarte Hysing-Olsen i ei pressemelding.

I same perioden har talet på delvis ledige i Øygarden blitt redusert med 31 prosent, frå 902 ved utgangen av juni til 621 no.

Personar på tiltak er også redusert, frå 84 til 72.

Arbeidsmarknaden i Øygarden føl dei same tendensane som i Vestland. Totalt vert no 26.333 innbyggjarar i fylket omfatta av NAV sin statistikk over arbeidssøkjarar. Det er 4.963 færre enn ved utgangen av juni. Her er talet på delvis ledige redusert med 5.104 siste månaden, tilsvarande 16 prosent.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.