Etterlyser norsk verft til å hogga KNM Helge Ingstad

Havariskadde KNM Helge Ingstad vart levert frå eit spansk verft i 2009. No krev Forsvaret at fregatten skal hoggast i Norge.

KNM Helge Ingstad til kai ved CCB på Ågotnes.
KNM Helge Ingstad har lagt til kai ved CCB på Ågotnes sidan i fjor, og skal hentast derifrå til sin siste seglas.

13 vasstette skott var til lita hjelp då fregatten KNM Helge Ingastad kolliderte med ein fullasta tankbåt utanfor Stureterminalen i morgontimane 8. november 2018. Sjøforsvaret sitt flaggskip sokk som ein stein og vart liggjande i fjøresteinane i Øygarden i over fire månadar før vraket vart heva. 

Les: Fregatt med sterk slagside etter kollisjon med tankskip ved Stureterminalen

Redningsaksjonen av fartøyet, som kosta nærare fire milliardar då det var levert frå det spanske verftet i 2009, kom på heile 726 millionar, ifølgje Forsvaret.

Opphaldet under vatn tærte på både skrog og utstyr. No kunngjer Forsvaret at dei ønskjer tilbod på demilitarisering, destruksjon og gjenvinning av mest mogeleg av fregatten, melder Forsvarets Forum.

Destruksjonen av det 134 meter lange fartøyet skal skje i Norge, og tilbodspapira skal leverast på norsk, vert det kravd, ifølgje Forsvarets Forum.

-Gjennom denne kontrakten ønskes det også å opparbeide kompetanse i Norge på det norske fregattvåpenet, ifølgje utlysinga. 

Fristen for å senda inn tilbod, eller melda interesse for oppdraget, er sett til 4. september.

Få norske verft har kapasitet til å handtera hogging av slike store fartøy på ein miljøvenleg måte. Norscrap West sitt anlegg på Hanøytangen er eitt av dei.

Les: Vil hogge skip på Hanøytangen

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.