Fisken skal fram – her vert dei oppfordra til å konkurrera om statsstøtte

Fylkesveg 555 frå krysset ved Beinastaden til Skogsskiftet og vidare til Eide er ein av 18 vegstrekkjer i landet som kan søkja om å ekstra midlar til utbetring av vanskelege parti.

Ein av dei mange smale hårnålsvingane på Fv. 555 som kan trengja å utbetrast.

Statens vegvesen ønskjer å leggja betre tilrette for næringstransport for fiske og havbruk. 18 nasjonale vegstrekkjer er blinka ut som aktuelle kandidatar til å konkurrera om ekstra midlar til utbetring av flaskehalsar. Fylkesveg 555 frå krysset ved Beinastaden til Skogsskiftet og vidare til Eide er ein av dei, melder Statens vegvesen i ei pressemelding.

Konkurranse
Konkurranse vil det verta. Det vert ikkje så veldig mange metrane med ny veg for midlane som er avsett i Statsbudsjettet. For 2020 er det sett av 91,5 millionar kroner til fordeling mellom vegar som vert vurderte å vera særleg viktige for framkomsten til desse næringane. I tillegg er kan det gjevast tilsagn om ytterlegare 50 millionar. Det vil og vera råd å søkja om midlar for 2021.

– Fiske- og havbruksnæringane er i vekst, og vert mellom dei viktigaste framtidsnæringane for Norge. Det er viktig å styrka transportårene for å få varene ut. Desse tilskuddsmidlane skal bidra til det, seier fungerande divisjonsdirektør for Transport og samfunn i Statens vegvesen, Kjetil Strand, i pressemeldinga.

Må søkja
Pengane vil verta fordelte etter søknad, og det er Vestland fylkeskommune som må søkja på vegne av den lokale fiske- og havbruksnæringa. 

Eit prosjekt kan få inntil 40 prosent statleg støtte, føresett at Vestland fylke, eventuelt Øygarden kommune, dekkar resten av kostnaden.

Dette er kriteria for prioritering av innkomne søknadar:
-Tungbilandel på vegen.
-Kor viktig infrastrukturen er for å oppretthalda verdiskapinga.
-Samfunnsøkonomisk lønsemd, vurdert ut frå betre regularitet og framkomst gjennom bruk av ny teknologi.

I Vestland konkurrerer Fv. 555 med fire andre vegstrekkjer om den ekstraordinære statsstøtta. Statens vegvesen ser dessutan ikkje vekk frå at det kan vera andre vegstrekkjer som også er aktuelle for tildeling av statsstøtte ut frå dei same kriteriene. 

Du kan lesa meir på Statens vegvesen sine sider.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.