Vestland fylkeskommune deler ut krisemidlar for å stimulera næringslivet i kommunane.

Offshore og reiseliv er dei bransjane i Vestland som vart hardast råka av koronapandemien, konstarterer Tor André Ljosland (KrF), leiar av hovedutval for næring i Vestland fylkeskommune, i ei pressemelding.
Midt i feriemånaden har han kalla inn til digitalt ekstramøte i hovudutvalet for å fordela krisemidlar til kommunar som står i ferd med å verta ramma av høg arbeidsløyse som følgje av pandemien.
I Øygarden kommune reknar dei med at ekstrakostnadane i kjølvatnet av korona vil utgjera 15 millionar. No får dei eit bidrag frå huvudutval for næring, på vegne av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Nest etter Bergen er Øygarden den kommunen som får største tildelinga frå den fylkeskommunale krisepakken, i denne runden. Øykommunen vest for Bergen får nærare 2,8 millionar kroner i tilskot til det kommunale næringsfondet.
Totalt delar fylket ut 75,3 millionar kroner til føremålet.
– For Vestland sin del merkast krisa dobbelt, med både lågare etterspurnad av varer og tenester knytt til maritim- og offshore leverandørindustri, samstundes som prisen på Norges viktigaste eksportvare olje og gass, framleis er låg, seier Ljosland.
Mellom 2 500 og 6 500 sysselsette i Vestland risikerer å mista jobben som følgje av korona- og oljekrisa i 2020 og 2021, alt etter kor langvarig krisa blir, ifølgje Menon Economics.