Øygarden sparar millionar på rentekutt

Når Oslo Børs kuttar lånerenta slik som i år, får Anne Erdal, kommunalsjef for økonomi i Øygarden, millionar meir å rutta med.

SER LYSPUNKT: -Reduserte renteutgifter kjem godt med i ein utfordrande økonomisk tid for Øygarden kommune, seier Anne Erdal, kommunalsjef for økonomi.


Anten vi likar det eller ikkje, Øygarden kommune er avhengig av svingningane på den internasjonale finansmarknaden. Når lånerenta går ned slik den gjer no, får Øygarden kommune og kommunalsjef for økonomi Anne Erdal, straks millionar meir å rutta med.

Tidlegare Fjell kommune tok opp to langsiktige obligasjonslån på Oslo Børs på til saman 251 millionar kroner. I løpet av året har renta på dei to obligasjonslåna som noverande Øygarden kommune har overteke, blitt meir enn halvvert. Etter kutt på 1,5 prosent i løpet av dei siste seks månadane, må kommunen no ut med henhaldsvis 0,45 prosent og 0,88 prosent rente.

På desse to obligasjonslåna sparar kommunen til saman kring 2,3 millionar kroner som følgje av renteutviklinga på Oslo Børs, skriv Erdal i ein epost til nettavisa Øygarden24.no.

Men det stoppar ikkje der. I revidert budsjett for andre halvår anslår kommunalsjefen at Øygarden kommune vil kunna spara 14,5 millionar kroner på reduserte rentekostnadar dette året, samanlikna med korleis situasjonen såg ut då budsjettet for 2020 vart vedteke sist haust.


Ikkje alt kan takast ut som gevinst. Kommunen får og lågare rente på inneståande midlar. Her budsjetterer økonomisjefen med eit tap på 3,7 millionar kroner i det reviderte budsjettet som politikarane vedtok like før ferien.

Utan desse ekstra millionane hadde den økonomiske situasjonen sett verre utt. Det reviderte budsjettet for andre halvår vart balansert med ein meirkostnad på like under 110 millionar kroner, samanlikna med det opprinnelege. Koronastenginga, reduserte skatteinntekter, auka vikarutgifter og styrking av eigenkapitalen i Fjell kommunale pensjonskasse utgjer dei største ekstrakostnadane.

-Reduserte renteutgifter kjem godt med i ein utfordrande økonomisk tid for Øygarden kommune, skriv ein nøktern kommunalsjef i ein kommentar til nettavisa Øygarden24.no.




Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.