Hageeigaren si merksemd og beundring skiftar fort no i sommarmånadane.

Roser får ofte namn etter personar oppdrettaren ønskjer å heidra. Døtre, elskerinner og koner i tusental har fått forlenga liv ut over det jordiske. Eit og anna mannsnamn dukkar og opp i den fargerike flokken.

Roser er aldeles nydelege, men du så kort tid dei blømer! Både tørke og regn gjer sitt til å redusera prakta, og denne sommaren har vi hatt rikeleg av begge delar.
I tilfelle nokon skulle ha teke hageeigaren sitt siste utsegn om Augusta Louise bokstaveleg, vel ho denne gongen å vri litt på Herman Wildenvey sitt kjende dikt og konstaterer: det er Henri – denne gong, og Paul og Leonardo…



